Barnehage

Barn i barnehage. Statsforvaltaren rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. (Foto: Oskar Andersen)
Barn i barnehage. Statsforvaltaren rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. (Foto: Oskar Andersen)
Oppdatert 12.03.2024

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta vare på barnets behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. 

Barn skal ha det trygt og godt i barnehagen

Alle tilsette i barnehagen har ei plikt til å følgje med på korleis alle barna i barnehagen har det. Barnehagens tilsette skal gripe inn dersom barn blir utsette for krenkingar. Døme på krenkingar er utestenging frå leik, plaging, mobbing, vald eller diskriminering.

Dersom tilsette oppdagar at eit barn ikkje har det bra, må dei melde frå til styraren i barnehagen. I alvorlege tilfelle skal styrar melde frå til barnehageeigar.

Kommunens ansvar

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Ut over foreldrebetalinga har kommunen eit ansvar for å finansiere barnehagane, og kommunen gir tilskot til godkjende private barnehagar.

Det er barnehagemyndigheita i den enkelte kommune (bydel i Oslo) som skal sjå til at både kommunale og private barnehagar blir drivne i samsvar med regelverket, og barnehagemyndigheita skal gi rettleiing og føre tilsyn.

Statsforvaltaren rettleiar og fører tilsyn

Statsforvaltaren rettleiar kommunar og barnehagar etter barnehagelova, og fører tilsyn med kommunen (bydel i Oslo) som barnehagemyndigheit etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle føre tilsyn med éin enkelt barnehage.

Statsforvaltaren er klageinstans

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter reglane i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Dersom du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje har gitt deg medhald i klagen din, skal klagen bli send vidare til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 26.03.2020

Korleis kan leiarar av barnehagar hjelpe barna i ein ny og annleis kvardag?

Utdanningsdirektoratet gir råd til leiarar av barnehagar om korleis dei kan vere med på å gi barn tryggleik og hjelp.


Publisert 19.03.2020

Ingen foreldre skal betale for barnehage og SFO

Foreldre som mottar tilbod etter unntaksreglane skal heller ikkje betale for barnehage og SFO, så lenge det ordinære tilbodet er stengt grunna konorautbrotet.


Publisert 18.03.2020

Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO

Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengt grunna koronautbrotet.


Publisert 13.03.2020

Barnehageeigar sitt ansvar for tilbod til barn av personell med kritiske samfunnsfunksjonar og barn med særskilte behov

Viktig informasjon om barnehageeigar sitt ansvar.


Publisert 29.11.2019

Ingen endring i rapporteringsreglane for tilskot til private barnehagar

Det er no bestemt at forskrifta om tildeling av tilskot til private barnehagar ikkje vert endra.


Publisert 14.11.2019

Svar på høyring om endringar i barnehagelova

Vi har gitt høyringsfråsegn til dei foreslåtte endringane i barnehagelova som gjeld regulering av barnehagemiljø og internkontroll.


Publisert 08.07.2019

Svar på høyring om endringar i barnehagelova

Vi har gitt høyringsfråsegn til dei foreslåtte endringane i barnehagelova som gjeld ny regulering av private barnehager.


Publisert 03.07.2019

Fordeling av midlar i regional ordning for kompetanseutvikling 2019

I 2019 er det 52 barnehagar i Hordaland og Sogn og Fjordane som deltek i den regionale ordninga for kompetanseutvikling.


Publisert 26.06.2019

Handtering av valdelege barn i barnehage

Det er svært viktig at dei tilsette i barnehagen er merksame på reglane som vernar om barnet sin fysiske integritet, og grensene for kva personalet fysisk kan gjere overfor barnet i den konkrete situasjonen.


Publisert 09.05.2019

Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage

Regional ordning er ei kompetansesatsing for barnehagar som skal sikre alle barn eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet.