Grunnskule og vidaregåande opplæring

Oppdatert 20.08.2024

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar. Fylkeskommunen har ansvar for opplæringa på vidaregåande nivå. Private skular godkjende etter privatskulelova kan også tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleiar fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og privatskulelova. Vi skal òg føre tilsyn med at dei offentlege skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing.

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og privatskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Vis meir

snarveg

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 22.10.2020

Samisk opplæring - nettseminar

Fylkesmennene i Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark inviterer til nasjonalt nettseminar om samiskopplæring fredag 6. november kl. 0900-1100.


Publisert 21.09.2020

Opplæring til elevar som ikkje kan møte på skulen

Skulen må finne løysingar som sikrar at elevar som ikkje kan møte på skulen får eit forsvarleg opplæringstilbod heime. Dette gjeld elevar som har milde luftvegssymptom eller føler seg sjuke, og elevar som er i karantene og isolasjon.


Publisert 16.09.2020

Mellombels tilskotsordning for frittståande skular i samband med virusutbrotet

Utdanningsdirektoratet opprettar ei tilskotsordning for å stimulere til innkjøp av digitalt utstyr, infrastruktur, fellesløysingar og digitale læremiddel.


Publisert 14.09.2020

Oppdaterte smittevernrettleiarar for barnehagar og skular om når ein skal vere heime ved sjukdom

Folkehelseinstituttet har oppdatert smittevernrettleiarane for barnehagar og skular. Oppdateringane gjeld råd om når barn i barnehagen og elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring skal vere heime ved sjukdom.


Publisert 28.08.2020

Nasjonale prøver 2020

Nasjonale prøver 2020 opnar for gjennomføring mandag 31. august til 25. september.


Publisert 27.08.2020

Elevar kan søkje om dispensasjon frå kravet om vurdering med karakter i framandspråk

Høve til å søke om fritak frå kravet om vurdering med karakter i framandspråk gjeld for elevar ved studieførebuande utdanningsprogram. Dispensasjonen gjeld ikkje engelsk.


Publisert 24.08.2020

Benjaminprisen 2020

Benjaminprisen blir kvart år det delt ut til ein skule som arbeider aktivt mot rasisme og diskriminerande haldningar og handlingar. Prisen vert delt ut av kunnskapsministeren i januar 2021 og omfattar eit diplom og ei pengegåve.


Publisert 13.08.2020

Skular og barnehagar skal starte på gult nivå

Alle skular og barnehagar skal ved oppstart følgje gult nivå i trafikklysmodellen. Dette betyr at klasser og avdelingar kan samlast, og det skal vere fulltids ordinære barnehage- og skuledagar.


Publisert 30.06.2020

Svar på høyring om ny opplæringslov

Vi har gitt høyringsfråsegn til framlegget til ny opplæringslov.


Publisert 25.06.2020

NOKUT er godkjenningsmyndigheit for yrkeskvalifikasjonar frå utlandet

Frå 1. januar 2020 må lærarar, styrarar og pedagogiske leiarar i barnehage med yrkeskvalifikasjonar frå utlandet søkje NOKUT om å få godkjent utanlandske kvalifikasjonar. Godkjenninga er obligatorisk for alle som skal tilsettast i desse yrka.