Vi har samla ein del informasjon som kan vere nyttig både for dei som skal gjere vedtak om skuleskyss, og for dei som ønskjer å orientere seg om retten til skuleskyss.
05.06.2020
Utdanningsdirektoratet har svart på spørsmål om foreldrebetaling i samband med koronasituasjonen, for dei med samfunnskritiske funksjonar.
04.06.2020
Rett til skuleskyss og rett til opplæring skal gå føre avstandskravet i smittevernrettleiar for kollektivtrafikk der avstandskravet er til hinder for å få frakta alle barn og unge på skulen.
Eit nytt system med raudt, gult og grønt lys skal avgjere kva for smitteverntiltak som gjeld i barnehage og skule.
02.06.2020
Regjeringa har no inkludert alle lærarar og barnehagetilsette i lista over kritiske og viktige samfunnsfunksjonar.
20.05.2020
Rammeplan for barnehagen peikar på at barnehagen skal bidra til at alle barn kan bli kjende med mangfaldet både i eigen og andre barns kultur. Måler er mellom anna å utvikle fellesskapskjensle og respekt for det samiske mangfaldet.
Kunnskapsdepartementet sendte i januar 2020 opplæringslovutvalet si utgreiing om ny opplæringslov (NOU 2019: 23) på høyring. Fristen for å gi høyringsuttale er 1. juli 2020.
14.05.2020
Fylkesmannen i Vestland har gjort vedtak om at Montessoribarnehagen Knerten AS må betale tilbake kr. 400 000 til Bergen kommune.
11.05.2020
Grunnskular og vidaregåande skular skal opne for alle trinn i løpet av veke 20. Det er ein føresetnad at dei følgjer krava til smittevern.
08.05.2020
Frå måndag 11. mai opnar skulane for alle elevane i grunnskulen og vidaregåande opplæring. Det er 7. mai gjort endringar i rettleiarane for smittevern i barnehage og skule.