Folkehelse

Oppdatert 05.01.2024

Folkehelsearbeid er samfunnets innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremjar helse og trivsel i befolkninga, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, eller som vernar mot faktorar som trugar helsa. Folkehelsearbeid er også det å arbeide for ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa. 

God folkehelse er eit felles ansvar

Førebyggjande og helsefremmande arbeid er viktig både i og utanfor helsesektoren. Folkehelselova gir fylkeskommunane og kommunane eit hovudansvar for det breie samfunnsretta folkehelsearbeidet.

Folkehelseomsyn i planarbeid

Statsforvaltaren skal bidra til å gjennomføre statlege satsingar på folkehelseområdet. Folkehelsearbeidet skal sikre ei berekraftig samfunnsutvikling, der planlegging er eit sentralt verkemiddel. Gjennom råd og rettleiing til kommunar og andre aktørar skal Statsforvaltaren vere med på å sikre at folkehelse inngår i kommunale, regionale og statlege planar. Statsforvaltaren skal bidra til forpliktande samhandling mellom aktørane.

Statsforvaltaren kan dessutan føre tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller pliktene sine på folkehelseområdet.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 04.03.2019

Folkehelseprofilane 2019

Tema for folkehelseprofilane er tryggleik og trivsel i oppveksten.


Publisert 04.03.2019

Ny fagleg retningsline for mat og måltid i barnehagen

Barnehagen bør legge til rett for minst tre faste måltid om dagen, god tid til å ete og sikre at det er nok frukt og grønt på menyen. Dette er nokre av oppmodingane som Helsedirektoratet gir i den nye faglege retningslina «Anbefalinger for mat og måltider i barnehagen».


Publisert 22.01.2019

Berre du... - hjelp til å endre helsevanar og livsstil

«Bare du» er ei ny nettside som kan hjelpe deg til ein sunnare kvardag. Helsedirektoratet har samla eigne «kom-i-gang-verktøy» for mellom anna betre kosthald, røykeslutt og fysisk aktivitet.


Publisert 01.01.2019

Anbefalte tiltak for utjamning av sosiale helseforskjellar

Fagrådet for sosial ulikheit i helse har laga ein rapport der innsatsområde for å utjamne forskjellane blir løfta fram. På område som inntektsfordeling, oppvekst, utdanning, sysselsetting og helsetenester foreslår fagrådet 29 konkrete tiltak.


Publisert 27.12.2018

Planlegg kommunane for ei aldrande befolkning – og korleis gjer dei det?

Innbyggarane i Noreg blir stadig eldre, og stadig fleire av oss blir over 67 år. I nokre kommunar vil personar over 67 år utgjere nærare ein tredjedel av befolkninga i 2030. Dette må kommunane tilpasse sine tilbod til.


Publisert 21.12.2018

Styrking og utvikling av helsestasjons- og skulehelsetenesta

Helsedirektoratet har lyst ut tilskot til ordninga styrking og utvikling av helsestasjons‐ og skulehelsetenesta på 426 millionar kroner. 40 millionar er øyremerka styrking av jordmortenestene i kommunen. Søknadsfristen er 14. januar.