Vi ber om opplysingar frå alle Nav-kontor i Hordaland og Sogn og Fjordane om kvalifiseringsprogram og vilkår om aktivitet for unge under 30 år. Vi ber om svar innan 6. januar.
17.12.2019
Leiarar, koordinatorar og andre tilsette kan lære om individuell plan og koordinator i nytt e-læringsprogram.
16.12.2019
Forvaltninga av tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod skal overførast frå Fylkesmannen til fylkeskommunen.
12.12.2019
Retningslina skal bidra til å styrke oppdagar- og handlingskompetansen hos leiarar og tilsette i kommunane slik at utsette barn og unge blir oppdaga tidleg og får tilpassa hjelp og oppfølging.
Helsepersonell er meir utsett for smittsame sjukdomar enn befolkninga generelt. Ein ny rettleiar har mål om å auke vaksinasjonsdekninga.
05.12.2019
Eit nytt e-læringskurs skal gi tilsette i kommunale helse- og omsorgsteneste betre kompetanse til å følgje opp barn som pårørande.
04.12.2019
Fleire drap på Vestlandet det siste året er utførte av personar som har vore psykotiske. Tilsynsmyndigheita undersøker og følgjer opp drapa i Haugesund og Florø, på litt ulike måtar.
27.11.2019
Framlegget til ei ny tvangsavgrensingslov er for omfattande, komplisert og fragmentert. Det blir utfordrande for fagfolk å bruke lova, og dermed problematisk med omsyn til rettstryggleiken.
25.11.2019
Fagfolk må tørre å vurdere moglegheita for omsorgssvikt og overgrep, og det er viktig å følgje opp det enkelte barn og familie.
22.11.2019
Kommunar som har fått tilskot til psykologar i 2019 kan allereie no rapportere om dette til fylkesmannen.