Pasient- og brukarrettslova gir pasientar og brukarar rett til å be om innsyn, retting og sletting i eigen pasientjournal. Innsyn skal som hovudregel vere gratis.
14.01.2019, Endra 11.02.2021
Endringane i sosialtenestelova om kvalifiseringsprogrammet tredde i kraft frå 1. januar 2019 og gjeld inngangsvilkår, varigheit og innhald i kvalifiseringsprogrammet. Endringane i rundskrivet til sosialtenestelova er no publisert.
03.01.2019
Fagrådet for sosial ulikheit i helse har laga ein rapport der innsatsområde for å utjamne forskjellane blir løfta fram. På område som inntektsfordeling, oppvekst, utdanning, sysselsetting og helsetenester foreslår fagrådet 29 konkrete tiltak.
01.01.2019
Arbeids- og velferdsdirektoratet kan gi tilskot med føremål å stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav.
27.12.2018
Fylkesmannen har hatt fleire tilsynssaker som gjeld såkalla «snoking» i pasientjournalar, det vil seie at helsepersonell utan lov gjer seg kjent med opplysningar i ein pasientjournal.
Fylkesmannen i Hordaland har hatt tilsyn med Haukeland universitetssjukehus etter at ein mann med hjartesjukdom døydde medan han venta på behandling i akuttmottaket. Det var mange alvorleg sjuke pasientar som kravde behandling på same tid og det var ikkje nok legar og sjukepleiarar til å ta seg av alle. Mannen blei liggjande utan tilsyn.
Pakkeforløp er standardiserte pasientforløp. Helsedirektoratet har no lansert tre pakkeforløp innan rus og psykiatri. Målet med pakkeforløpa er å sørge for at pasientane får behandlingsforløp med betre samhandling, klare ansvarsforhold og gode overgangar mellom ulike tenester.
Innbyggarane i Noreg blir stadig eldre, og stadig fleire av oss blir over 67 år. I nokre kommunar vil personar over 67 år utgjere nærare ein tredjedel av befolkninga i 2030. Dette må kommunane tilpasse sine tilbod til.
Hendingar i sjukehusa som får eit alvorleg og uventa utfall skal straks varslast til Statens helsetilsyn. Dei fleste sakene blir sendt vidare til fylkesmannen for undersøking.
Helsedirektoratet har lyst ut tilskot til ordninga styrking og utvikling av helsestasjons‐ og skulehelsetenesta på 426 millionar kroner. 40 millionar er øyremerka styrking av jordmortenestene i kommunen. Søknadsfristen er 14. januar.
21.12.2018