Psykisk helse og rus

Oppdatert 12.05.2025

Retten til helse- og omsorgstenester likestiller somatisk og psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Kommunane har ei sentral rolle i å identifisere, utgreie, behandle og følgje opp personar i målgruppa.

Eit godt lokalt rus- og psykisk helsearbeid byggjer på samarbeidsstrukturar som fremjar heilskaplege og koordinerte tenester for den enkelte på tvers av fag, tenester og sektorar. Kapasitet, tilgjenge, heilskaplege og samtidige tenester blir vektlagt, og kvalitet, kompetanse og kunnskapsbasert praksis skal prege tenestene. Tenestene skal dessutan organiserast og utformast med tanke på eit brukar- og meistringsperspektiv. 

Samtidige lidingar

Personar som har både eit rusproblem og ei psykisk liding brukar ofte rusmiddel på ein øydeleggande måte. Denne pasientgruppa har fått meir merksemd dei siste åra, men det er likevel mye som manglar når det gjeld utgreiing, behandling og anna oppfølging.

Lokalsamfunnet er ein viktig arena for rusmiddelførebyggjande arbeid. Barnehagar, skular, fastlegar, helsestasjonar, arbeidslivet og ulike fritidsarenaer tek del i arbeidet som skal redusere helseskader og negative sosiale konsekvensar av rusmiddelbruk.

Tverrfagleg innsats

Barn og ungdom med føresette som blir alvorleg sjuke, skal spesielt takast vare på, også når årsaka er psykiske helseproblem og/eller rusmisbruk. Kommunar og fylkeskommunar skal koordinere innsatsen overfor barn og unge med samansette problem. Statsforvaltaren følgjer med på denne tverrfaglige innsatsen.

Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunens tenestetilbod, også i samhandling med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene omfattar kompetansehevande tiltak, nettverksbygging, tilskotsordningar, kartleggingar og tilsyn. Statsforvaltaren er klageinstans om du ønskjer å klage på helse- og omsorgstenestene du får, eller om du meiner at du ikkje får dei helse- og omsorgstenestene du har krav på.

Tvang

Rett bruk av tvang kan gi menneske verdigheit og sikre at den som er alvorlig sjuk, blir teken vare på av helse- og omsorgstenesta også når han eller ho ikkje kan samtykkje til helsehjelp eller ta ansvar for seg sjølv. Her kan du rese meir om rettane dine når helse- og omsorgstenesta brukar tvang.

 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 02.06.2026

Ledige verv i kontrollkommisjonane i Vestland

Det er ledige verv ved seks av kontrollkommisjonane i Vestland. Søknadsfristen er 14. august 2026.


Publisert 02.06.2026

Ledige verv i Kontrollkommisjonen for Sandviken 2

I Kontrollkommisjonen for Sandviken 2 er det ledig verv som vara for leiar, vara for legekyndig medlem, brukar-/pårørandemedlem og lekmedlem frå 1. januar 2027. Søknadsfristen er 14. august 2026.


Publisert 02.06.2026

Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Sandviken 1

I Kontrollkommisjonen for Sandviken 1 er det ledig verv som brukar-/pårørandemedlem frå 1. januar 2027. Søknadsfristen er 14. august 2026.


Publisert 02.06.2026

Ledige verv i Kontrollkommisjonen for Haukeland

I Kontrollkommisjonen for Haukeland er det ledig verv som brukar-/pårørandemedlem og vara for brukar-/pårørandemedlem frå 1. januar 2027. Søknadsfristen er 14. august 2026.


Publisert 02.06.2026

Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Nordhordland, Hardanger og Voss

I Kontrollkommisjonen for Nordhordland, Hardanger og Voss er det ledig verv som vara for brukar-/pårørandemedlem frå 1. januar 2027. Søknadsfristen er 14. august 2026.


Publisert 02.06.2026

Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Førde sentralsjukehus, Psykiatrisk klinikk og Ungdomsavdelinga

I Kontrollkommisjonen for Førde sentralsjukehus, Psykiatrisk klinikk og Ungdomsavdelinga er det ledig verv som vara for legekyndig medlem frå 1. januar 2027. Søknadsfristen er 14. august 2026.


Publisert 02.06.2026

Ledige verv i Kontrollkommisjonen for Sunnhordland, Hardanger og Voss

I Kontrollkommisjonen for Sunnhordland, Hardanger og Voss er det ledig verv som lekmedlem og vara for lekmedlem frå 1. januar 2027. Søknadsfristen er 14. august 2026.


Publisert 09.12.2025

Lansering av overdosefare.no

Helsedirektoratet og Kompetansesenter for rusfeltet inviterer til lansering av ei ny nasjonal teneste for varsling og deling av informasjon om auka overdosefare, 14. januar.


Publisert 17.06.2025, Sist endra 26.06.2025

Nær 61 millionar til kommunalt rusarbeid

24 kommunar i Vestland får til saman nærare 61 millionar kroner gjennom tilskotsordninga kommunalt rusarbeid.


Publisert 09.05.2025

Kurs om psykiske reaksjonar hos innsatspersonell

Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Region vest (RVTS Vest) og Forsvaret arrangerer kurs for innsatspersonell – for helsepersonell og andre tenesteutøvarar 20. juni i Bergen.