Eksisterande Sundsbru skal rivast og erstattast med ny bru med kulvert. For å oppretthalde trafikken i anleggsperioden skal det etablerast ein mellombels omkøyringsveg like nord for dagens bru. Tiltaket krev utfylling av om lag 1 000 m³ reine sprengsteinsmassar over eit areal på om lag 1 800 m² i Søylevatnet, samt innlegging av ein mellombels kulvert for vassgjennomstrøyming. Den mellombelse fyllinga skal fjernast, og området skal ryddast og tilbakeførast.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2026/19007. Frist for å gje uttale er 20. november 2026.
Alle uttaler vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.