På nasjonalt nivå har avgangselevar i Noreg i snitt 42,2 grunnskulepoeng. Det er 0,2 poeng meir enn fjorårets kull. I Vestland har elevane i snitt 42,5 grunnskulepoeng i år, mot 42,4 i fjor. Jentene i Vestland har i snitt 3,5 fleire grunnskulepoeng enn gutane. Skilnaden mellom jenter og gutar har auka med 0,1 poeng frå i fjor.
Landsgjennomsnittet har auka over tid fordi elevkulla har fått høgare karakter i ei rekke fag. Kullet som har gått ut av grunnskulen i år har fått eit grunnskulepoeng meir enn kullet som gjekk ut av grunnskulen i 2017. Det vil seie at elevane i 2026-kullet i snitt har fått ein karakter meir i eitt til to fag enn elevane i 2017-kullet. Det vil seie at elevane i 2026-kullet i snitt har fått éin karakter meir i eitt til to gag enn elevane i 2017-kullet.
Dei fleste standpunktkarakterane er stabile samanlikna med i fjor, men det er små framgangar i mellom anna matematikk, fransk og spansk, medan engelsk går litt ned. Samla sett trekkjer karakterutviklinga opp, noko som bidreg til auken i grunnskulepoeng.
Karakterane på skriftleg eksamen i engelsk har auka sidan innføringa av dei nye læreplanane i 2021. Samstundes er det for første gong sidan Kunnskapsløftet vart innført at gutane får høgare eksamenskarakter enn jentene i matematikk, sjølv om skilnaden berre er 0,1 karakterpoeng.
Tala viser også at dei mest sentrale kommunane har minst skilnad mellom standpunkt- og eksamenskarakterar. I mindre sentrale kommunar er skilnaden større. Systematiske og vedvarande karakterforskjellar mellom standpunkt og eksamen på tvers av skuler eller kommunar kan indikere ulik vurderingspraksis.
Talet på elevar som manglar vurderingsgrunnlag (IV) i eit fag har gått litt ned det siste året, etter fleire år med auke. Talet er høgast i norsk hovudmål og kroppsøving. Samstundes er det ei svak auke i talet elevar som får karakteren 1 i standpunkt. Talet elevar med IV i norsk hovudmål kan også vere påverka av innvandringssvingingar fordi elevar som følgjer læreplan for grunnleggande norsk ved utgangen av 10. trinn blir registrert med vurderingsuttrykket IV.
Du kan lese meir om dette på Utdanningsdirektoratets nettsider.