Kommunane kjenner til kravet
Tilsynet viser at kravet til politiattest i skular og SFO er kjent blant kommunane i Vestland. Alle kommunane vi har ført tilsyn med er klare over kravet, og har praksis for å hente inn politiattest. Samtidig viser våre undersøkingar at fleirtalet av kommunane likevel ikkje klarar å følgje regelverket fullt ut. Det er til dømes fleire tilfelle der politiattesten først er levert etter at den tilsette har byrja i jobben, seier seksjonsleiar Mats Petter Sydengen hjå Statsforvaltaren i Vestland.
Krav om politiattest for å beskytte barn og unge
Kommunane skal sikre at skulane innhentar politiattest for alle som blir tilsett i faste eller mellombelse stillingar og at dei ikkje tilset personar med yrkesforbod. Om det føreligg merknadar på politiattesten som gir yrkesforbod, skal kommunen følgje opp dette og sikre at vedkommande ikkje blir tilsett. Kravet om politiattest er til stades for å beskytte barn og unge mot personar som kan utgjere ein risiko for deira sikkerheit. Dersom dette ikkje er sikra, kan det få alvorlege konsekvensar.
Statsforvaltaren i Vestland har ført tilsyn med elleve kommunar i fylket. I åtte kommunar er det avdekt brot på regelverket, og berre to kommunar har følgt lova. I ein kommune er det nyleg kome inn meir dokumentasjon, og tilsynsrapporten er framleis ikkje ferdigstilt.
Manglande regelverksetterleving
I tilsynet har vi avdekt at fleirtalet av kommunane ikkje følgjer regelverket. Brota på regelverket gjeld blant anna at kommunane ikkje sikrar at politiattesten ikkje er eldre enn tre månader når han blir levert og at politiattesten ligg føre før søkjaren blir tilsett. I tilsynet har vi også avdekt at nokre kommunar ikkje har henta inn ny attest ved overgangar til nye stillingar, og enkelte kommunar har hatt tilsette som ikkje har levert attest i det heile.
Tilsynsrapportane vil bli lagt ut i tilsynskalendaren på Statsforvaltaren si nettside. Du kan søke etter tilsyn som Statsforvaltaren i Vestland har gjennomført og ordet politiattest i fritekstsøk. I tilsynsrapportane kan du lese om kva rutinar og praksis dei ulike kommunane har på området, og kva regelverksbrot dei har fått pålegg om å rette.
Utdanningsdirektoratet har bede alle statsforvaltarane om å føre tilsyn med kravet til politiattest i 2026. I 2026 blir det difor ført tilsyn i totalt 98 kommunar på dette temaet.
Du kan lese meir om tilsynet på Utdanningsdirektoratet sine nettsider: Felles nasjonalt tilsyn med kommuner og privatskoler i 2026 | udir.no