Barn har rett til barnehageplass etter reglane i barnehagelova § 16. Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det blir søkt om barnehageplass, har rett til plass innan utgangen av den månaden dei fyller eitt år. Det er kommunen der barnet bur, som har ansvar for å oppfylle retten til barnehageplass.
Kvar barnehage skal ha vedtekter som gir foreldra informasjon om forhold som er viktige for barnehageopphaldet. Vedtektene kan til dømes innehalde reglar om oppseiing av barnehageplass. Dette følgjer av barnehagelova § 8.
Manglande betaling for barnehageplass er eit kontraktsbrot som må vurderast etter allmenne kontraktsrettslege reglar. Dersom ein barnehageeigar vurderer å seie opp ein plass på grunn av betalingsmisleghald, må barnehageeigaren òg vurdere kva som er til det beste for barnet. Dette følgjer av Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon artikkel 3. Omsynet til barnets beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle avgjerder som gjeld barn.
Dersom eit barn mister barnehageplassen sin på grunn av betalingsmisleghald, kan foreldra søkje om ny plass med ein gong. Barnet har då rett til ny barnehageplass ved neste opptak i kommunen, anten dette er hovudopptak eller løpande opptak.
Kommunen kan ikkje stille som vilkår at uteståande foreldrebetaling blir betalt før barnet får oppfylt retten til barnehageplass. Gjeld foreldra har til ein barnehage, kan derfor ikkje hindre at barnet får ein ny barnehageplass etter reglane i barnehagelova.