Ikkje grunnlag for grensejustering mellom kommunane Alver og Modalen

Publisert i går kl. 10:17

Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har gjort vedtak om at grensa mellom kommunane Alver og Modalen, alternativt Masfjorden, ikkje skal justerast. Avgjerda er endeleg.

Bakgrunn for saka

Bakgrunnen for saka er ein søknad frå innbyggjarar i Indrefjorden i Alver kommune om at det skulle settast i gong ei utgreiing av justering av grensa mellom kommunane Alver og Modalen, alternativt Masfjorden kommune, slik at området gamle Romarheim – Urdal skulekrins (Indrefjorden) i Alver kommune vert lagt til ein av nabokommunane. Vi tok først ei avgjerd om at det ikkje var grunnlag for å sette i gang ei utgreiing. Etter klager frå innbyggjarane, kom KDD til at saka burde greiast ut, og vi fekk i mai 2024 i oppdrag om å greie ut søknaden om grensejustering.

Vår utgreiing og tilråding

Vi gjennomførte deretter ei utgreiing av søknaden, der det mellom anna vart henta inn informasjon frå dei involverte kommunane og gjennomført ei innbyggjarundersøking sommaren 2025. I mars 2026 sende Statsforvaltaren utgreiinga til KDD. Vi tilrådde at det ikkje var grunnlag for ei grensejustering.

Departementet har no gjennomgått utgreiinga og tilrådinga, og har teke ei endeleg avgjerd om at kommunegrensa mellom kommunane Alver og Modalen, alternativt Masfjorden kommune, ikkje skal justerast. Avgjerda frå departementet ligg ved. 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Synnøve Stalheim
direktør, Statsforvaltaren i Vestland
Ove Midtbø
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland