Fordeling av skjønnsmidlar i statsbudsjettet 2027

Publisert i dag kl. 10:38

Skjønnsmidlar til kommunane skal fange opp lokale forhold som det ikkje blir teke omsyn til i inntektssystemet eller gjennom andre ordningar. Statsforvaltaren gjer ei heilskapleg vurdering av økonomien til kommunane når vi fordeler den tildelte ramma til Vestland.

Nasjonalt er basisramma for skjønnsmidlar til kommunane vidareført uendra frå 2026 til 2027 med kr 830 mill. Ramma for Vestland er redusert frå kr 123,4 mill. for 2026 til kr 112,95 mill. for 2027, det vil seie ein reduksjon på kr 10,45 mill. Departementet har omfordelt basisrammene for 2026 og 2027 mellom embeta, på grunnlag av talet på kommunar og innbyggjartal.  

Vi har fordelt vår ramme slik mellom dei ulike typar av skjønnsmidlar:
 - Ordinært gjennom statsbudsjettet 90,50 mill. kr.
 - Fornyings- og innovasjonsprosjekt 10,85 mill. kr.
 - Midlar til fordeling i budsjettåret 11,60 mill. kr.

Les meir om fordelinga til kommunane i vårt brev til Kommunal- og distriktsdepartementet vedlagt.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Håvard Rød
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland
Edvard Høgestøl
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland
Marit Lunde
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland