Statsbudsjettet 2027

Publisert i dag kl. 10:30

Regjeringa Støre har idag lagt fram forslag til Statsbudsjettet for 2027. Veksten i frie inntekter for kommunesektoren samla er berekna til 3,2 mrd. kroner. Kommunane sin del av dette utgjer 2,6 mrd. kroner, medan fylkeskommunane får ein vekst på 0,6 mrd. kroner.

 

Frie inntekter til kommunane 2027

Pårekna vekst i frie inntekter for kommunane i Vestland rekna frå anslag rekneskap 2026 til framlagt statsbudsjett 2027 er 4,6 prosent, medan snittet for landet er 4,9 prosent. For Vestland ligg 32 kommunar under veksten for landet, og 11 kommunar ligg likt eller over. Anslag på deflator er sett til 3,8 prosent for 2027. 

Veksten i frie inntekter vil variere mellom kommunane. Årsaker som påverkar kommunane ulikt frå år til år er folketal og alderssamansetjing, endringar i inntektssystemet eller andre kriteriedata, skjønnstilskot, regionalpolitiske tilskot, eller skattegrunnlaget.

Grafen viser anslag vekst frå rekneskap 2026-2027 for kommunane i Vestland.

Brev til kommunane og spesifisering av dei frie inntektene kjem som vedlegg her så snart dei er klare.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Håvard Rød
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland
Marit Lunde
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland
Edvard Høgestøl
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland