Innmarksbeite som spreieareal og biologisk mangfald

Publisert 8. oktober kl. 12:00

Det nye gjødselregelverket har gjeve mange kommunar i Vestland eit omfattande arbeid med å godkjenne innmarksbeite som spreieareal for gjødsel. 

kursdeltakarar i ei eng
Kursdeltakarar på leit etter indikatorplanter for naturbeitemark, Stad kommune Foto: Åshild Irene Lie / SFVL.

Mykje beitebruk på artsrike areal

I Vestland er kring 40% av jordbruksarealet innmarksbeite, og av dette er kring 40% ugjødsla eller svakt gjødsla. Ein del av desse areala er truleg naturbeitemark eller anna semi-naturleg eng som ikkje enno er kartlagt. Slike trua naturtypar bør verte tekne vare på i vidare drift og utan gjødsling. Areala er mellom anna viktige for pollinerande insekt. 

God kompetanse gjev gode vurderingar

Statsforvaltaren i Vestland ønskjer å bidra til å auke kommunane sin kompetanse på biologisk mangfald, slik at dei er rusta til å gjere gode vurderingar av innmarksbeite som spreieareal. Det er også nyttig med samordning mellom kommunane for å få mest mogleg lik handsaming. Vi arrangerte difor ein serie med feltdagar i fylket i sommar, saman med Norsk Landbruksrådgjeving og konsulentfirmaet Miljøfaglig Utredning. Det var godt oppmøte frå kommunane på alle seks samlingane. 

Krevjande å kjenne igjen naturbeitemark

I arbeidet med godkjenning av spreieareal er det viktig at landbruksforvaltninga i kommunen lærer forskjellen på naturbeitemark og beite som ikkje er artsrike. Elles kan store biologiske verdiar gå tapt ved gjødsling, berre fordi dei ikkje er kartlagde og kjende. Vi er tydelege på at det ikkje bør gjevast godkjenning til å spreie gjødsel på seminaturleg eng, inkludert der kartlegging manglar. Ny naturtype-kartlegging kan gje nødvendig avklaring og grensegang før godkjenning.

Kvar feltdag vart gjennomført med praktiske oppgåver, teori og mykje diskusjon. Ei sentral oppgåve var å kjenne igjen indikatorplanter for seminaturleg eng i dei ulike beita vi hadde plukka ut, og kva dette kunne seie om kartleggingsbehov og godkjenning. På fleire beite vart mange av oss «lurt» til å ville godkjenne spreieareal, der det likevel viste seg å vere semi-naturleg eng. Erfaringar frå møta vart samla i eit notat til kommunane.

Vedtaka kan få store konsekvensar

Det er viktig å ha god dialog med bonden og diskutere drifta, for å kunne vektlegge omsyn til naturverdiane opp mot føretaket sine føremoner med å kunne gjødsle. Manglande løyve til gjødselspreiing på innmarksbeite kan få store konsekvensar for bonden i nokre tilfelle, men ha lite å seie i andre tilfelle.

Vi hadde lærerike og kjekke samlingar for alle partar. Det var ikkje berre kommunane som lærte noko. Vi lærte også mykje av å arrangera og delta på arrangementa. Det er nyttig kunnskap å ha med seg, både i rettleiing og i handsaming av eventuelle klager.  

På nettsida vår finn du malar, sjekkliste og søknadsskjema som kan hjelpe deg når du skal vurdere innmarksbeite som spreieareal.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Åshild Irene Lie
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland