Synleggjering av Inn på tunet
Den nye Inn på tunet-strategien legg opp til meir dialog og samarbeid, auka kunnskapsgrunnlag og styrking av Inn på tunet som merkevare. Statsforvaltarembeta har eit ansvar for å synleggjere Inn på tunet som velferdstiltak, og vi ynskjer meir samarbeid.
Samfunnsnytte som tema på nasjonal nettverkssamling
Inn på tunet er velferdstilbod på gardsbruk. Tilboda skal føre til ein betre kvardag for dei som treng det, og skape grunnlag for meistring, utvikling og livskvalitet. Dei fleste tilboda i dag er knytte til barn og unge og personar med demens, men mange gardar tilbyr også arbeidstrening og andre tenester. Den nasjonale nettverkssamlinga no i september hadde merksemd på Inn på tunet sin nytteverdi, og korleis tilboda kan vere eit bidrag til å løyse utfordringar i kommunane. Vi hadde gode innlegg både frå Bergen kommune og landbruksforvaltninga i Kvinnherad kommune. Vi treng å spreie kunnskap om Inn på tunet, og få meir dialog med tenesteområda, særleg i kommunane.
Koordinatorar hos statsforvaltarane og direktorat fekk auka kunnskap om arbeidet på kommunal og statleg side. Det gjev eit godt grunnlag for å rette arbeidet sterkare inn mot kjøpargruppene sine behov.
1+1=3
Eit styrka nasjonalt samarbeid er effektivt, og gjev betre resultat. Vi kan dele mykje av det vi produserer og arrangerer i embeta våre. På samlinga la vi konkrete planar for samarbeid om digitale møte på ulike fagområde, deling av materiell og metodikk, styrking av kommunikasjon på nett og utvikling av nasjonale rettleiarar. Inn på tunet kan bidra på mange viktige samfunnsområde, og det auka samarbeidet vårt kan gje eit godt løft i arbeidet.
Her kan du lese den nye strategien Velferdstjenester og
verdiskaping på norske gårder.