Oppdatert strandsonerettleiar

Publisert i dag kl. 12:52

Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune har oppdatert den digitale strandsonerettleiaren for Vestland fylke. Denne vart publisert i slutten av september.

Kva er nytt i strandsonerettleiaren?

Rettleiaren går no meir i djupna på korleis kommunane kan jobbe med å fastsetje annan byggegrense mot sjø enn 100 meter når dei reviderer arealdelen til kommuneplanen, som følgjer av plan- og bygningslova § 1-8. Det er meir informasjon om  planvask som er eit viktig grunnlag for planlegging av areala i strandsona. Det er særs viktig at kommunane får på plass eit godt kunnskapsgrunnlag når strandsona skal planleggjast, noko rettleiaren frå før gir ei god innføring i.

4 grøne boksar med pil imellom og tekst inni
Figur frå rettleiaren som viser rekkefølgje på prosessen på god planlegging i strandsona.

Målet med rettleiaren er å skape eit felles utgangspunkt for planlegging og bruk av metode for tilnærming i strandsona, slik at kommunane sitt arbeid blir lettare å samanlikne. Det kan verte færre motsegner til kommuneplan når de bruker rettleiaren. Dersom kommunen fastset ei betre byggegrense i bebygde område kan dette også føre til færre dispensasjonar.

 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Sarah Kvåle Skouen
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland