Stadfestar reguleringsplanen for Holmaneset

Publisert 9. juni kl. 12:44

Vi stadfestar Bremanger kommune sitt vedtak om å godkjenne reguleringsplanen for hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset. 

Ny vurdering frå kommunen

Bremanger kommune har gjort ei ny vurdering av reguleringsplanen som legg til rette for etablering av hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset, etter at vi tidlegare oppheva kommunen sitt vedtak. 

Kommunestyret i Bremanger kommune godkjente områdereguleringsplanen for Holmaneset den 18. desember 2025. Ny saksutgreiing omfattar nye vurderingar etter naturmangfaldslova, og kommunen viser elles til tidlegare saksutgreiing.

Det kom inn 8 klagar på vedtaket. 

Stadfestar vedtak

Statsforvaltaren har vurdert dei omfattande klagane og kome til at Bremanger kommune si handsaming av saka er forsvarleg og i tråd med gjeldande regelverk. Vi har difor stadfesta Bremanger kommune si godkjenning av reguleringsplanen på Holmaneset. 

Den godkjente reguleringsplanen er avgrensa til å gjelde tilrettelegging for etablering av hydrogen- og ammoniakkfabrikk. 

Planvedtaket i seg sjølv gir ikkje løyve til gjennomføring av tiltak, men dannar grunnlaget for vidare arbeid med etablering av hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset.  

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Gunnar O. Hæreid
assisterande statsforvalter, Statsforvaltaren i Vestland
Liv Signe Navarsete
statsforvaltar, Statsforvaltaren i Vestland