Totalberedskap i Vestland

Publisert i dag kl. 08:36

Den skjerpa tryggleikssituasjonen gjer at både styresmakter, kommunar og innbyggjarar må vere betre førebudde på kriser og krig. Totalforsvarsåret 2026 skal styrkje beredskapen og motstandskrafta i heile samfunnet.

Portrett av mann og kvinne.
Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand og fylkeslege Kristin Cotta Schønberg. Foto: Oliva Marie Bakketun.

Totalforsvarsåret 2026

Totalforsvarsåret byggjer på den nasjonale tryggleiksstrategien og erkjenninga av at vi står i den mest alvorlege tryggleikspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen. Alle må forstå situasjonen og ta gode val for å styrkje eigen beredskap. Vi må vere førebudde, både mentalt og praktisk, på at Noreg kan bli involvert i ein krig.

Målet med totalforsvarsåret er å styrke Noreg si evne til å førebyggje og handtere tryggleikspolitiske kriser og krig. Det krev at vi har orden i eige hus og følgjer opp dei sju grunnleggande krava NATO-landa har til kvarandre. Den samla motstandskrafta i kommunane våre er ein heilt sentral del av den totale motstandskrafta, både i Vestland og i heile landet.  

I totalforsvarsåret skal det øvast. I september deltok Statsforvaltaren i «Øvelse Totalforsvar». Føremålet med øvinga var å styrkje styresmaktene si evne til å handtere alvorlege tryggleikspolitiske kriser. I veke 43 skal alle kommunane i Vestland delta i «Heile Noreg øver», ei nasjonal diskusjonsøving som skal styrkje kunnskapen om kommunane si rolle og ansvar i krise og krig.

Statsforvaltaren si rolle i beredskapsarbeidet

Statsforvaltaren er staten sin representant i fylket, med ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa.

Vi har ei nøkkelrolle i å samordne den sivile krisehandteringa, og i tillegg samordne mellom sivile og militære styresmakter. Det gjer vi mellom anna gjennom fylkesberedskapsrådet. Når det skjer uønskte hendingar har vi eit ansvar for å bidra til eit godt samvirke mellom aktørane som har ansvar for å handtere situasjonen. I tillegg skal vi vere bindeleddet mellom sentrale styresmakter og kommunane. Det handlar mellom anna om å forstå og sette seg inn i kommunane sin situasjon, og kva utfordringar og behov dei har. Vi skal legge til rette for informasjonsdeling og formidle kommunane sine utfordringar til nasjonale styresmakter. 

I krise og krig skal Statsforvaltaren syte for at ressursane i Vestland blir fordelte og utnytta best mogleg, og vi skal samordne og prioritere mellom sivile behov. Vi skal og medverke til å skaffe fram, samordne og prioritere sivil støtte til Forsvaret. Statsforvaltaren er og det regionale leddet til Kriseutvalet for atomberedskap.

Fylkesberedskapsrådet

Fylkesberedskapsrådet er sett saman av dei viktigaste etatane og organisasjonane med beredskapsansvar i fylket. Det er til dømes Forsvaret, Politiet, helseføretaka og andre aktørar med ansvar for kritisk infrastruktur og kritiske samfunnsfunksjonar. Rådet skal legge til rette for godt samarbeid og ei felles forståing for utfordringane i fylket. Statsforvaltaren oppnemner og leiar møta i rådet.

Kommunane si rolle

Kommunane har ei sentral rolle i arbeidet med samfunnstryggleik. Dei har eit grunnleggjande ansvar for å beskytte befolkninga, oppretthalde kritiske samfunnsfunksjonar og skape trygge og robuste lokalsamfunn. Det krev samarbeid med offentlege, private og frivillige aktørar. Kommunalt beredskapsråd er eit viktig forum for mellom anna gjensidig informasjonsutveksling, drøfting og koordinering av beredskapsarbeidet i kommunen. Frivilligheita og næringslivet har sin naturlege plass der.

Ei kjerneoppgåve i beredskapsarbeidet er å planlegge for å oppretthalde kritiske tenester ved uønskte hendingar og påkjenningar. Arbeidet må skje på tvers av sektorane i kommunen. Evna til omstilling kan bli avgjerande. Både tenester, yrkesgrupper og autorisert helsepersonell må vere førebudde på å få nye oppgåver. Det er viktig at innbyggjarane kan ha tillit til at kommunen gjer det han kan for å yte til dømes helse- og omsorgstenester i kriser og krig. 

Helseberedskap

På ein pressekonferanse 21. mai i år sa helseministeren og forsvarsministeren at norske sjukehus og kommunar må planlegge for å kunne stille 7000 sengeplassar på sjukehusa klare til å dekke behandling av krigsskadde pasientar, både sivile og militære. Kommunane må difor vere førebudde på å behandle fleire og sjukare pasientar enn i dag. Helse- og omsorgsdepartementet jobbar med nasjonale prioriteringar, men det er krevjande.

Beredskapstilsyna våre viser at fastlegane som tenesteområde er lite involvert i beredskapsarbeidet, og at mange kommunar manglar gode løysingar for å avløyse kommuneoverlegen. Kommuneoverlegen skal delta aktivt i beredskapsarbeidet i kommunen. Helsedirektoratet har utvikla verktøy som støttar kommunane i planlegging og øving.

Eigenberedskap

Kjem vi i krig må vi omstille samfunnet vårt, og den enkelte må bidra med sitt. Arbeidsoppgåvene dine kan bli omprioriterte, og du kan bli omdisponert. Det handlar ikkje berre om militære oppgåver, men i stor grad om å halde samfunnet i gang. Det kan til dømes vere drift av barnehagar og skular, matproduksjon, transport, helse- og omsorgstenester eller straumforsyning. Det sivile samfunnet må fungere for at Forsvaret skal fungere.

Eigenberedskap er viktig. Kan flest mogleg klare seg sjølve i ei veke, kan hjelpa prioriterast til dei som treng henne mest. Ta tilrådde vaksinar og ta vare på den psykiske helsa di. Det gjer både deg sjølv og samfunnet betre rusta i kriser.

Veke 44 er eigenberedskapsveka. Tema er krisekommunikasjon ved bortfall av elektronisk kommunikasjon. Måla er at kommunane har og øver på planar for å informere innbyggjarane når straum og teletenester er nede, og at innbyggjarane veit kvar dei kan finne påliteleg informasjon ved slike hendingar.

Ei oppmoding til slutt

Vi treng ei felles situasjonsforståing og ein felles vilje til å dra lasset saman i ei krevjande tid. Og som Kong Harald V sa då han snakka om totalforsvarsåret i den siste nyttårstalen sin; Det beste sivile vernet i både fred, krise og krig, er at folk står saman, og er villige til å bidra – kvar på sin måte. Både med hovud, hjarte og hender. Med tid og med krefter.

Velkomen på laget, kvar og ein!

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Haavard Stensvand
fylkesberedskapssjef, Statsforvaltaren i Vestland
Kristin Cotta Schønberg
fylkeslege og avdelingsdirektør, helse-, sosial- og barnevern, Statsforvaltaren i Vestland