Næringsutvikling

Oppdatert 08.04.2024

Statsforvaltaren skal leggje til rette for næringsutvikling og innovasjon i samarbeid med andre regionale og lokale aktørar. Regionale og lokale fortrinn og moglegheiter skal vernast og utviklast, slik at vi sikrar det økonomiske grunnlaget for framtida. Statsforvaltaren skal også medverke til å skape eit godt samspel mellom landbruket og andre sektorar. 

Samarbeid om fylkesplanar, næringsplanar, Inn på tunet-tiltak, reiselivsplanar, utvikling av matproduksjonen, skogbruksplanar og bioenergiprogram står sentralt i dette arbeidet. 

Statsforvaltaren har ei pådrivarrolle knytt til Innovasjon Noregs utviklingsprogram for lokalmat. Utviklingsprogrammet har økonomiske  verkemiddel innan  områda vekstbedrift, bedriftsnettverk, kompetanse og omdømmebygging.

Innovasjon Noreg forvaltar bedriftsretta midlar til investering og bedriftsutvikling (IBU-midlar). Fylkeskommunen har ansvaret for regionalt næringsprogram og forvaltning av midlar til regional tilrettelegging, kystskogbruket og rekruttering og kompetanseheving  på landbruks- og matområdet.

Vis meir

Statsforvaltaren i Vestland sitt arbeid med landbruksbasert næringsutvikling rettar seg hovudsakleg mot mat og drikke, reiseliv og Inn på tunet. Statsforvaltaren er kompetansesenter for kommunane og bidreg til kompetanseutvikling innan produkt og marknad for landbruksbaserte verksemder.

Lokalsamfunnsutvikling, motivasjonsarbeid, omdømebygging og urbant landbruk er også ein del av næringsutviklingsarbeidet.

Næringsutvikling innan tradisjonelt landbruk ligg under områda Husdyr og Jordbruk.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 07.03.2019

Stor aktivitet i vestlandslandbruket i 2018

Innovasjon Noreg løyvde over 100 millionar kroner til etablerings- og utbyggingsprosjekt i landbruket i Vestland, medan Fylkesmannen bidrog til å løyse ut tilsvarande i utgreiings- og tilretteleggingsprosjekt.


Publisert 01.02.2019

Lønsamt samarbeid mellom mat- og reiselivsbedrifter på Vestlandet

Kva konkret kan reiselivs- og lokalmatverksemder samarbeida om for å oppnå auka lønsemd? Dette var temaet då fylkesmennene i dei fire vestlandsfylka arrangerte fagtur til Berlin for 26 verksemder siste helga i januar.