Tilskot i landbruket

Oppdatert 07.06.2024

Statsforvaltaren har oppgåver knytt til forvaltning av ei rekkje tilskotsordningar innan jord- og skogbruk. Innan jordbruk er dei viktigaste ordningane produksjonstilskot, avløysartilskot og regionale miljøtilskot. Innan skogbruk er tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket blant dei største tilskotsordningane.

Det er kommunane som er førsteinstans for dei fleste tilskotsordningane. Kommunane informerer brukarane, behandlar søknader og gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruka. Statsforvaltaren er koordinator og rådgivar overfor kommunane.

Statsforvaltaren rettleier kommunane om tilskotsordningane og er klageinstans for kommunens vedtak. Statsforvaltaren gir eventuelle dispensasjonar, og då er det Landbruksdirektoratet som er klageinstans. Statsforvaltaren skal dessutan gjennomføre forvaltningskontrollar hos kommunane og føretakskontrollar på enkeltbruk. Det blir utarbeidd ein plan for denne kontrollverksemda kvart år.

Tilskot ved produksjonssvikt

Jordbruksføretak med omfattande svikt i planteproduksjon på grunn av klimatiske forhold kan søkje om tilskot. Før du søkjer må du ha ha meldt frå om svikten til kommunen. Søknadsfristen er 31. oktober det året avlingssvikten oppstod.

Du kan lese meir på nettstaden til Landbruksdirektoratet. Der finn du både meldeskjema og søknadsskjema.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 18.11.2022

Endringar i miljøkrava i forskrift om produksjonstilskot - redusert tilskot til bønder som bryt miljøkrava

Bønder som ikkje fylgjer miljøkrava, vil no få redusert produksjonstilskotet. For å få fullt areal- og kulturlandskapstilskot er det eit vilkår at det ikkje vert gjort inngrep som forringar kulturlandskapet, og at jordbruksarealet har ei sone utan jordarbeiding mot vassdrag.


Publisert 17.08.2022

Tilskot ved produksjonssvikt i grovfôravling

Gardsbruk med store avlingstap grunna klima kan søkje om tilskot ved produksjonssvikt. Søknadsfristen er 31. oktober. Vi tilrår å søkje elektronisk via Altinn.


Publisert 06.04.2022

Har du vipe på marka di og ønskjer å legge til rette for vellukka hekking?

Våren er like rundt hjørnet og vipa har dukka opp fleire plassar i fylket. Hugs å ta kontakt om du skal tilrettelegge for fugl i kulturlandskapet (vipe, åkerrikse og storspove).


Publisert 31.03.2022

Tolv nye vassdrag er prioritert

Frå i år blir det mogleg å søkje om tilskot til ugjødsla kantsone i eng langs tolv nye vassdrag. Å halde ekstra avstand til vassdraget når ein spreier gjødsel på dyrka areal er viktig for å sikre god vasskvalitet.


Publisert 21.03.2022, Sist endra 24.04.2023

Gode tilskot for å få gjødsla raskt i jorda

Nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsla er gunstig for både klimaet, bonden og grasveksten. Gevinsten er ekstra stor ved bruk av tilførselsslange. Gode tilskot sikrar god økonomi.


Publisert 28.10.2021

Avkorting i tilskot ved inngrep i kulturlandskapet

Det er vedteke endring i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket § 4. Landbruksforvaltninga får betre verktøy til å følgje opp mellom anna inngrep som øydelegg kulturlandskapet.


Publisert 01.07.2021

Auka stimulering til slått av bratt areal

Alle føretak som slår bratt areal til fôr kan søke om ekstra tilskot. Tilskotet skal kompensere for meirarbeidet med å hauste dette arealet.


Publisert 11.05.2021, Sist endra 01.10.2024

Kan ein få støtte til virtuelle gjerde?

SMIL-midlar skal normalt ikkje nyttast til laust teknisk utsyr slik som virtuelle gjerde (Nofence). Støtte til slikt utstyr kan inngå i beitebruksmidlane, forutsett at utstyret skal nyttast i utmarka.


Publisert 01.04.2020

Tilskot til meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel 2020

Gjennom regionale miljøtilskot finst det fleire tilskotsordningar for meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel i Vestland. Vilkåra for å kunne motta tilskot gjeld all gjødsling gjennom sesongen. De må difor vurdere kva som kan vere relevant no, før vårgjødslinga startar.


Publisert 03.03.2020

Tilskot til gjødsellager

Kommunane er oppmoda om å prioritere etablering av dekke over gjødsellager ved tildeling av tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL). Innovasjon Norge har også eit tilskot til bygging av nytt gjødsellager med fast toppdekke. Etablering av dekke dempar utslepp til luft og aukar lagerkapasiteten for husdyrgjødsel.