Rotenonbehandling av Hildalsvatnet i Ullensvang kommune

liten fisk i hånd
Ørekyte er ein liten karpefisk som spreier seg raskt. Den kan ha svært negative effektar på økosystem i ferskvatn, og er på den norske framandartslista som ein høgrisikoart. Rotenonbehandling vert brukt til å bekjempe denne arten ved å fjerne uønska fisk frå vassdrag, og no er det planlagt fjerning av ørekyte i Hildalsvatnet i Ullensvang kommune. Foto: Gunnar B. Lehmann / Norce LFI.

Hildalsvatnet i Ullensvang kommune skal behandlast for å utrydde ørekyte i oktober 2024. 

Publisert 01.10.2024

Rotenonbehandling av Hildalsvatnet i Ullensvang kommune

I oktober 2024 skal Hildalsvatnet i Ullensvang kommune behandlast med CFT-legumin, også kjent som rotenon. Rotenonbehandlinga vert gjennomført for å fjerne ørekyte som kan spreie seg vidare til Opovassdraget. Behandlinga utførast av Veterinærinstiuttet, med hjelp av Statsforvaltaren og lokale. 

Miljødirektoratet gav løyve til behandlinga med rotenon 30. september 2024. Før dei vedtok behandling var det ei høyring, der det ikkje kom inn nokre innspel. Grunneigarar i området er kjent med at det er søkt om behandling av vatnet med rotenon. 

Kart i gråtoner. Sørlige del av Norge vises i et utsnitt i venstre hjørne av bildet. Like over utsninttet ligger tabell som forklarer fargebruken i figuren. Rød farge viser til påvist ørekyte, lyseblå viser til sideelv, og mørkeblå er hovedelva. Viktige stedsnavn er fremhevet i bildet ved hjelp av firkanter med hvit bakgrunn og svart tekst.
Lakseførande del av Opovassdraget (i mørkeblått), og delar av Hildalselvi kor ørekyte kan kome nedstrøms frå dam utan namn ved Hildalstølen. Figuren er henta frå søknad om utsleppsløyve.

Kvifor gjer vi tiltak for å fjerne ørekyte?

Introduksjon og spreiing av framandre artar reknast å vere den største trugselen mot naturmangfaldet i ferskvatn. De kan lese meir om spreiing av framande fiskeartar i Vestland på våre nettsider.

Ørekyte er vurdert å ha "svært høg spreiingsrisiko" på framandartslista, grunna høg negativt effekt på økosystem i ferskvatn. Spreiing av ørekyte nedover Hildalselvi, og vidare ned i Opovassdraget, kan vere svært skadeleg for dei lokale bestandane av aure og laks. Ørekyte konkurrerer med aure om næring, og skader også aurens rekruttering. Ørekyte kan òg påverke andre artar negativt. På Hardangervidda forsvant fire artar av dykkender frå vatn der ørekyte var blitt introdusert, grunna næringskonkurranse. Det er òg observert reduksjon i amfibia på stader med ørekyte.  

Er rotenon farleg?

Fuglar, pattedyr og vaksne stadium av amfibium vil ikkje bli påverka av den doseringa av roteneon som skal brukast. Rotenon kan føre til ei midlertidig nedgang av botndyr, men tettleik av botndyr har andre stader vist å stabilisere seg kort tid etter behandling. Rotenon har lågt potensial for akkumulering i akvatiske organismar, og bioakkumulerer heller ikkje elles i naturen. Behandlinga vil ikkje vere til fare for menneske.

Det skal nyttast 40 L rotenon i vatnet, og verknadane av tiltaket vert lokale og kortvarige. Påverknaden på lokal fauna vil vere avgrensa, og artar som vert påverka vil raskt reetablerast. 

Behandlinga skjer i oktober

Behandlinga er planlagt å gjennomføre 10. eller 11. oktober 2024. Dersom de har moglegheit til å bidra på dugnad med plukking av død fisk, ta kontakt. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.