Første rapport frå det treårige overvakingsprogrammet i Florø er klar
Rapporten for 2023 skildrar vasskvalitet og økologisk tilstand i sjøområda som omkrinsar Florø.
Kva er det som vert undersøkt i overvakingsprogrammet?
Hovudprogrammet består av ei treårig undersøking av næringssalt og klorofyll i øvre del av vassøyla, samt siktedjup, oksygenmålingar og prøvetaking av botnfauna og miljøgifter i sediment på 25 stasjonar i Botnafjorden, Brufjorden, Eikefjorden, Florevika-Gaddevågen, Hellefjorden, Høydalsfjorden nord og sør, Norddalsfjorden, Rekstafjorden, Skorpefjorden og Solheimsfjorden. I tillegg blir det tatt 14 sedimentprøvar i nærsona til fleire verksemder (Figur 1).Vassførekomsten Gunhildvågen-Klubbevika hadde berre nærstasjonar. Kostnaden ved desse dekkar verksemda sjølv. Desse stasjonane seiar noko om verksemda si påverknad i nærsona kor dei har lov å forureine. Men i tillegg kan vi sjå på om dei stoffa eller ev. organiske belastning i dette området er å finne igjen ute i resipienten i det området kor miljømålet etter vassforskrifta skal vere god tilstand i 2027. Resultat frå dette programmet blir samanlikna med tidlegare undersøkingar.
Overvaking etter vassforskrifta
Undersøkinga tek utgangspunkt i føringar sett i vassdirektivet. De kan lese meir om kva overvaking etter vassforskrifta er her.
Kort oppsummering av resultata
Næringssalt
Siktedjup og gjennomsnittsverdiar for næringssalt viste lite variasjon mellom stasjonane ved ulike prøvetidspunkt, og hadde nivå tilsvarande gode tilstandsklasser i alle vassførekomstar.
Klorofyll
Undersøkingane viste stort sett lågt innhald av klorofyll på alle stasjonane, med nokre unntak. Den 20.mars er det nokre høgare målingar grunna ei algeoppbloming. Denne kan ein sjå att i dei fleste vassførekomstane.
Hydrografi
Det var større variasjonar i resultata frå hydrografiundersøkingane av oksygenmetning og oksygenkonsentrasjon, der vassførekomsten Norddalsfjorden skilte seg mest ut samanlikna med dei andre vassførekomstane, på grunn av dårlege oksygenforhold ved fleire stasjoner. Norddalsfjorden er en fjord med fleire grunne tersklar, og disse tersklane er naturlege hinder for utskifting av botnvatn. Nokre få stasjoner i andre vassførekomstar hadde også moderate/dårlege oksygenforhold ved enkelte målingar
Blautbotnfauna
Analysane av botndyrsfauna viste svært god eller god tilstand for vassførekomstane Hellefjorden, Norddalsfjorden, Skorpefjorden, Høydalsfjorden nord, Høydalsfjorden sør og Brufjorden. Enkelte stasjoner i dei andre vassførekomstane viste moderat eller dårlegare tilstand. Botnfauna frå Botnafjorden, Florevika Gaddevågen, Gunhildvågen-Klubbevika, Solheimsfjorden, Rekstafjorden og Eikefjorden viste at desse er miljømessig belasta. Rekstafjorden pekte seg ut ved å være tydeleg påverka, ved å ha høg andel av indikatorartar for forureining, men og høg andel sildeegg som kan ha påverka den dårlege tilstanden ved den aktuelle stasjonen.
Miljøgifter
Alle stasjonane, inkludert nærstasjonar, i vassførekomstane Gunhildvågen-Klubbevika og Florevika Gaddevågen, som ligg rett utanfor Florø, hadde høgast total belastning av miljøgifter. Dei høge verdiane heng sannsynlegvis saman med hamne- og industriaktiviteten i dette området, samt utslepp av avløpsvatn.
For meir detaljerte opplysningar om funn i undersøkinga så langt oppfordrar vi til å lese rapporten.
Trykk på namnet til vassførekomsten i lista under for detaljer om den oppdaterte miljøtilstanden for den einskilde vassførekomsten. Informasjonen ligg i databasen Vann-Nett.