Høyringssvar til forslag til ny gjødselvareforskrift
Det er auka interesse i marknaden for bruk av avfall og biprodukt inn i gjødselvareproduksjonen. Vi har gitt uttale til forslag til ny gjødselvareforskrift.
Vi påpeikar fleire moment i vår uttale til forslag om ny gjødselvareforskrift. Vi meiner:
- det er bra at regelverket knytta til ureinheiter i gjødselvarer (til dømes tungmetall og plast) vert skjerpa inn
- at forbod mot fortynning må inn i forskriftsteksten når det gjeld plast, andre ureinheiter og forureiningar (fortynning betyr at urein masse vert blanda med rein masse for at ureininga i sluttproduktet ikkje skal bli for høg)
- at P-AL talet i anleggsjord er sett alt for høgt i forslaget til ny gjødselvareforskrift og medfører fare for avrenning av fosfor
- det må takast med at anleggsjord ikkje kan brukast i djupne til meir enn 30-40 centimeter (så langt planterøtene rekk)
To forskrifter om gjødsel har vore ute på høyring no i vår
Når det gjeld gjødselregelverket er det kome ut to ulike forskrifter på høyring no i vår. Den eine er gjødselbrukforskrifta. Den andre er gjødselvareforskrifta.
Vi har gitt uttale både til forslag til ny gjødselbrukforskrift og forslag til ny gjødselvareforskift.
Kontaktpersonar
-
Kristin Espeset
Tlf: 55 57 21 41 -
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 / 97 50 40 50 -
Christian Rekkedal
Tlf: 57 64 30 68 / 99 69 23 02
Lenkjer
Kva er P-AL?
P-AL-verdien er eit mål på innhaldet av plantetilgjengeleg fosfor i jorda. P-AL vert oppgitt som mg P/100 g jord.
Ved P-AL i området 7-14 kan jorda dekke ein del av plantene sitt behov, og ved P-AL over 14 kan jorda dekke heile fosforbehovet. Ved P-AL over 14 er anbefalinga at fosforgjødsling kan utelatast.
Fosfor er i utgangspunktet sterkt bunde til jordpartiklar. Det er fare for tap av fosfor frå jord til vassdrag når P-AL vert høgt. P-AL i jorda over 14 vert rekna for å være "meget høyt".
Overgjødsling har negativ effekt på vatnkvalitet. Målet er at fosforgjødling i mest mogleg grad stemmer med det som trengst/vert tatt ut/vert hausta.