Statsforvaltaren kontrollerer verksemder gjennom årlege miljørapportar

Rapportane er verksemdene sine eigne vurderingar av om løyvekrav blir overhaldne, og utgjer ein viktig del av Statsforvaltarens oppfølging av miljøforholda i verksemdene.

Publisert 25.09.2025

Mange verksemder som Statsforvaltaren har myndigheit for, har krav om årleg rapportering av miljøforhold etter forureiningslova i løyvet sitt . Desse rapportane blir kalla eigenkontrollrapportar og oppsummerer året som har gått. Når vi får rapportane, går vi gjennom dei og gir ei tilbakemelding til verksemda.

Rapport om miljøforhold

Eigenkontrollrapportane er verksemda si eiga vurdering av om løyvekrava blir oppfylte. I rapporten skal verksemda opplyse om utslepp, avfall, energibruk og andre miljøforhold for det året som er gått.

Frist for innsending er 1. mars

Frist for innsending av eigenkontrollrapportane er 1.mars kvart år. Innan 1. juni kvart år blir eigenkontrollrapportane i Vestland gjennomgått og godkjend.

Eigenkontrollrapportering i Vestland i 2024

I Vestland leverte 231 anlegg eigenkontrollrapportar i 2024. Fordelinga per sektor var:

  • Avfall: 48
  • Avløp: 112
  • Deponi: 14
  • Landbasert industri: 57

Grunnlag for tilsyn og open statistikk

Resultata frå eigenkontrollrapportane blir brukt til statistikk og tilgjengeleggjering av forureiningsdata for allmenta. Ein del av desse dataa blir òg rapportert vidare til EU gjennom Miljødirektoratet.

For Statsforvaltaren er resultata eit viktig grunnlag både for å vurdere om verksemdene følgjer løyvekrava og for å avgjere behovet for tilsyn. Resultata frå eigenkontrollrapportane er gjort tilgjengeleg for allmenta på nettsida Norske Utslipp (Norske utslipp - Utslipp til luft og vann og generert avfall), der ein òg finn oversikt over verksemder i Vestland som har løyve (Norske utslipp - Virksomheter med tillatelse). 

Truleg endring i registrering av eigenkontroll frå 2026

Systemet for korleis verksemder skal registrere resultat frå eigenkontrollen er under revisjon. Frå 2026 kan det derfor bli endringar i utforminga av skjema og i kva anlegg som må rapportere. Verksemder som blir råka av endringane, vil bli varsla.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.