Ta omsyn til villreinen i påskefjellet

Blå himmel øverste halvdel på bildet, hvit snø nederste halvdel. Fire skigåere går fra sør til nord i bildet.
Som turgåar på påskefjellet kan du uroe villreinen i ei ekstra sårbar periode før kalvingstida. Foto: Åsmund Skancke Karlsnes Foto: Åsmund Skancke Karlsnes / Åsmund Skancke Karlsnes.

Vi ber alle turgåarar og andre som ferdast i påskefjellet, om å ta omsyn til villreinen og ikkje uroa dyra.

Publisert 16.03.2026

Påska er rett om hjørnet, og det er mange som dreg til fjells – til fjellområde der villreinen bur heile året. I år kjem påska i månadsskifte mars/april, det er rett i framkant av kalvingstida for reinen. Simlene vil kalve i månadsskiftet april/mai og utover, og unødige forstyrringar rett før og i kalvingstida er ikkje bra for dyra.

Villreinen er sårbar før kalving

I tida før dei blir fødde er kalvane heilt avhengige av at mora får fred og ro til å byggje opp kroppsreservane sine, og når det no nærmar seg kalving, er simlene ekstra sårbare. Ved for mykje forstyrring kan simla kaste/abortere fosteret.

Villreinen er i dag i ei særs vanskeleg situasjon i mange av fjellområda våre, og det er eit mål at dyra skal kunne nyttegjere seg mest mogleg av leveområda sine. Det er den totale menneskelege aktiviteten i fjellet som i sum er negativ for villreinen. I påskefjellet blir derfor kvar skiturist oppfatta som eit potensielt trugsmål frå villreinen sin ståstad.

Det blir arbeid for å betre tilstanden for villreinen i sine leveområde, og Stortinget behandla ei eiga melding om villreinen i 2024 der det vart sagt at den negative utviklinga må snu innan 2030.  

Trekk unna dersom du treff på ein villreinflokk

I Vestland kan du treffe på villrein i mange av fjellområda våre. Hardangervidda, deler av Nordfjella ved Hallingskarvet, Fjellheimen/Vikafjellet, deler av Jotunheimen, i fjellet mellom Lærdal og Årdal, samt fleire mindre område i Sunnfjord og Nordfjord.

Generelt er dyra mindre skye i dei små områda, og meir sky i våre store fjellområde. Det er uansett viktig å respektere bandtvangen for hund som startar 1. april, og i mange verneområde gjeld heile året, sjølv om fjellet ser «tomt» ut der vi går. Reinen har veldig god luktesans og kan få vær av oss på lang avstand. Dersom du treff på ein villreinflokk er det fornuftig å trekke seg unna, ta omsyn til vindretninga, og uroa minst mogleg.

For Hardangervidda er det i år nokre endringar i høve til kva løyper som vert kvista og kva for hytter som er opne i påska 2026. Det kan være lurt å sjekke på UT.no - Hele Norges turplanlegger | UT.no før du drar ut på tur.

Nyt påskefjellet og takk for at de tek omsyn til villreinen!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.