Kunngjering av løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Fjaler kommune

Bue Salmon AS har 18. november 2024 fått løyve etter forureiningslova til etablering av landbasert akvakulturanlegg på lokaliteten Lutelandet. 

Publisert 18.11.2024

Verksemda har fått løyve til utslepp frå ein årleg produksjon på inntil 50 000 tonn årleg biomasse av matfisk av laksefisk. Lokaliteten skal ligge på Lutelandet industriområde, vest i Fjaler kommune.

Anlegget skal byggast i fleire trinn, der fyrste trinn skal kunne produsere inntil 12 600 tonn laks årleg.

Verksemda må dokumentere akseptabel miljøtilstand i resipienten i takt med opptrapping av produksjonen.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage 

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.