Kunngjering - Revidert løyve til gardsslakteri i Voss herad
Fylkesmannen har den 11. juni 2020 gitt Lars Selheim nytt løyve etter forureiningslova til gardsslakteri på Selheim i Voss herad.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Løyvet frå 2007 har blitt revidert, jf. forureiningslova § 18 tredje ledd. Verksemda kan produsere opp til 100 tonn slakt av sau, gris og storfe årleg. Det nye løyvet følgjer ny industrimal og set blant anna krav til oppretting av program for utsleppskontroll og betre interne rutinar.
Brev med vurdering av saka og løyve med vilkår ligg på www.norskeutslipp.no, og kan lastast ned her.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.