Kunngjering av løyve etter forureiningslova utfylling i sjø for Alsaker Brygge
Alsaker Brygge AS fekk 14. mai 2024 løyve etter forureiningslove til utfylling i sjø ved eigedom gnr/bnr 154/4 og 154/20 i Tysnes kommune.
Publisert 16.05.2024
Løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2024/2380.
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35