Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø - Sævareid Fiskeanlegg i Bjørnafjorden kommune
Sævareid Fiskeanlegg fekk 17. juni 2024 løyve til anleggsarbeid i elv og sjø.
Publisert 18.06.2024
Sævareid Fiskeanlegg skal etablere nytt klekkeri på eigedomen inst i Sævareidsfjorden. I samband med dette skal eksisterande bygning og fundament rivast og det skal mudrast for legging av nye sjøledningar.
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2024/2339.
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35