Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø -Svanøy Havbruk i Kinn kommune
Svanøy Havbruk fekk løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø 20. juni 2024. Formålet med tiltaket er å utvide landarealet på anlegget i Svanøybukta basert på utfylling i sjø, gnr/bnr 117/42 i Kinn kommune
Publisert 20.06.2024
Utfylling skal skje utanom gytetid for kysttorsk og bak siltgardin.
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2024/17326.
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35