Kunngjering av løyve til gjenbruk av massar i trafikkareal - Mustadvatnet Øygarden

Område markert 1 og 2 angjev der massane ligg i dag. Det grøne området angjev plassering av massane

Statsforvaltaren ga 9. februar 2024 løyve etter forureiningslova til Statens vegvesen. Løyvet regulerer gjenbruk av lettare forureina massar i vegkropp/trafikkareal for etablering av Rv. 555 Sotrasambandet. Massane kjem frå nedtapping av Mustadvatnet og skal plasserast på gnr/bnr 41/34, 40/111 mfl. 

Publisert 12.02.2024

Informasjon

Løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan tre veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2021/4176.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.