Kunngjering av løyve til utslepp av reinsa tunnelvatn for bygging av ny flomtunnel ved Aurland 1 koplingsstasjon
Statsforvaltaren i Vestland gav den 16. juni 2026 Hafslund kraft løyve etter forureiningslova til utslepp av anleggsvatn frå tunnelen og avrenning frå massedeponi i samband med bygging av ny flomtunnel ved Aurland 1 koplingsstasjon i Aurland kommune.
Tiltaket består av å etablere ein ny flomtunnel frå nedre del av Grimsetelvi og ned til Vassbygdivatnet. Føremålet er å auke flomavleiingskapasiteten i området slik at Aurland 1 koplingsstasjon vert verna mot ekstreme flomhendingar. Det nye tiltaket er difor nødvendig for å møte krava til flomsikring.
Tiltaket vert gjennomført av Hafslund Kraft i samarbeid med Statnett. Søknaden gjeld utslepp av reinsa vatn til det tørrlagde, gamle elveløpet i Grimsetelvi, som igjen leier vatnet vidare til Vassbygdivatnet.
Byggestart er planlagt august 2026, med ein byggeperiode på 1 år og avsluttande arbeid i april 2027.
Informasjon
Løyve med vilkår og søknad om løyve ligg til høgre på denne sida.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan fire veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2026/2819.