Kunngjering etter forureiningslova for bygging av landbasert matfiskanlegg på Lutelandet
Statsforvaltaren i Vestland gav 20. februar 2026 løyve etter forureiningslova til Bue Salmon AS for anleggsarbeider knytt til bygging av landbasert matfiskanlegg på Lutelandet i Fjaler kommune.
På Lutelandet i Fjaler kommune planlegg Bue Salmon AS oppføring av eit landbasert matfiskanlegg. Det skal fyllast ut i bukta ved den sørvestlege delen av industriområdet i samband med utviklinga av industriområdet, som er ei vidareføring av det tidlegare utfylte området. I utfyllinga skal det brukast sprengsteinmassar frå tunnelane, om lag 300 000 m³ sprengstein over eit areal på om lag 40 000 m². Det skal òg drivast to tunnelar: éin for inntaksvatn som skal forsyne anlegget med sjøvatn, og éin for avløpsvatn frå matfiskproduksjonen med utslepp i sjø.
Statsforvaltaren har gjeve løyve etter forureiningslova med vilkår for utføring av anleggsarbeida.
Søknad og løyve med vilkår ligg til høgre på denne sida.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan fire veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2025/16072.