Nettseminar om motorferdsel på barmark
Alle kommunar i Noreg er invitert til eit nettseminar om barmarkskøyring. Seminaret finn stad tysdag 26. juni kl. 12.00–14.00 og passar for administrasjon og politikarar som vurderer saker om motorferdsel i utmark.
Den 26. juni arrangerer Statsforvalteren i Troms og Finnmark nettseminar for alle kommunane i Norge. Tema er døme på god barmarkspraksis.
Gode retningsliner og praksis for køyring på barmark tek mellom anna omsyn til villrein/tamrein, friluftslivinteresser, vilt og anna naturmangfald!
Her får kommunane tips til korleis de kan ta vare på naturmangfald ved søknader om løyve til køyring på barmark. Vi trur at mange kommunar vil kunne ha stort utbyte av av nettseminaret.
Arrangementet blir teke opp. Kurs for hausten er under planlegging.
Velkomen!
Meld deg på ved å følgje denne lenkja.
12:00 Innledning. v/ Gøril Einarsen, prosjektleder og seksjonsleder, Statsforvalteren i Troms og Finnmark,
12:10 Vilkårssetting og kontrollerbarhet/kommunale vedtak og kontrollering i felt. Ole Morten Sand, Seksjonsleder tilsyn innland. Statens naturoppsyn.
12:40 Barmarkskjøring i Nordreisa kommune, om praksis. v/ Bård Bendik Fanghol, daglig leder, Nord-Troms Plan og Eiendom
13:10 Pause
13:20 Dispensasjonspraksis og vilkårssetting i Os/Røros kommune. Jan Arvid Aamo, saksbehandler OS/Røros kommune.
13:40 Avrunding/spørsmål
Nettseminaret om barmarkskøyring er det andre av i alt fem kurs som er planlagt for 2024. Det første kurset handlar om skutertaxi (leigekøyring) og er 19. juni, følgj denne lenkja for meir info.