Ny kunnskap om regnskog

Ny forsking og erfaringar om inngrep i nærleiken av regnskog tyder på at den truga skogtypen er meir sårbar enn kva vi tidlegare har trudd. Ein bør ta omsyn til denne sårbare naturtypen ved planlegging og gjennomføring av tiltak i nærleiken.
NB: tidegare publisert artikkel er justert etter tilbakemeldingar. Vi vil presisere at denne kunnskapen om den sårbare regnskogen er verdifull i planlegging av tiltak i område med regnskogslokalitetar, men at det ikkje er eit forbod mot aktivitetar og tiltak etter plan- og bygningslova eller skogbrukslova i slike område.
Inngrep innafor ei buffersone frå regnskoglokalitetar kan gje skade på viktig naturmangfald. Dette temaet vart også løfta under naturmangfaldveka 2025, sjå gjerne presentasjonen i høgreramma.
Grøn regnskoglav vart brun
Under synfaring hausten 2025 saman med Biofokus og Bjørnafjorden landbrukskontor fekk representantar frå Statsforvaltaren sjå og drøfta utfordringar kring særleg viktige regnskoglokalitetar på Tysnes.
Der fekk vi sjølv sjå korleis sjeldan og grøn regnskogslav hadde ein brunsvart misfarging på grunn av auka solinnstråling og utlufting av det den fuktige lufta i regnskogen. Hogsten som hadde vore utført i området førte til endring av lokalklimaet i regnskogslokaliteten.
Ny kunnskap og erfaringar
Biofokus har undersøkt status og tilstand for tidlegare registrert trua regnskogslav i Vestland. Det er i samband med dette arbeidet at dei observerte hogst i nærleiken av regnskogslokalitet på Tysnes.
Studiar utført i Canada om hogsteffektar på regnskogsmiljø kan vere ein del av eit kunnskapsgrunnlag for å betre kunne ta omsyn til slike raudlista naturtypar, både i arealforvalting og ved hogst.
Sjå kart over regnskogslokalitetar og tilrådde buffersoner til desse på fylkesatlas. Kartutsnitt direkte nedst i nettsaka, og lenke på høgre side.
Vi tilrår ei buffersone på opp til 150 meter for å redusere sannsynleg risiko for tap av artslokalitetar
Med bakgrunn i forskning og erfaringar vil vi oppmode alle med aktivitetar i og i nærleiken av regnskogslokalitetar til å leggje føre-var-prinsippet til grunn i si forvaltning av areal.
Inngrep og aktivitetar i nærleiken av regnskogslokalitetar og trua artar kan føre til tap av viktig naturmangfald og vi vil derfor oppmode alle til å ha eit godt kunnskapsgrunnlag på plass før aktivitetar og inngrep vert planlagt.
Framleis kunnskapsinnhenting
Statsforvaltaren vil legge til rette for meir forsking på effektar av inngrep på vestnorsk regnskog, og oppdatere relevant informasjon om dette så snart ny informasjon ligg føre. FN sitt bærekraftsmål nr 17 om samarbeid for å nå målet er viktig for å ta vare på vår felles naturarv.
Dette er ein del av Statsforvaltarens arbeid med FNs berekraftsmål
Tegnforklaring til kart:
Raude figurar viser regnskog frå Miljødirektoratets instruks kartlegging. Oransje figuarar viser regnskog frå DN handbok 13 kartlegging. Blå figurar er 150 meter buffersoner.