Fagseminar om havnespy i Bergen

Miljødirektoratet og Havforskningsinstituttet inviterer til fagseminar 18. februar. 

Publisert 02.02.2026

Miljødirektoratet og Havforskningsinstituttet inviterer interesserte frå næring, statsforvaltaren, kommunar og andre etatar som treng kunnskap og informasjon om havnespy til fagseminar.

Fagseminaret vil foregå fysisk, men det vil være mogleg å følge sendinga digitalt. Lenke til digital deltaking kjem på e-post dagen før.

Les meir om arrangementet og meld dykk på hos Miljødirektoratet

bildet viser organisme som lever i sjøvatn
Havnespy er fastsittande marine dyr, og er ein framand art som ikkje høyrer heime i norsk natur. Den vart først oppdaga i 2020 her i landet, og har sidan spreidd seg raskt. Havnespy legg seg som eit seigt teppe over havbotnen og kan fortrenge artar som høyrer naturleg heime her. Havnespy truar naturmangfaldet og kan gjere stor skade på livet i havet. Foto: Erling Svensen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.