Informasjonsmøte om handlingsplanen mot almesjuke
Almesjuka spreier seg i Vestland. Vi arrangerte eit digitalt informasjonsmøte den 20. mai kl. 10.00 om sjukdommen, der seniorforskar Isabella Børja frå NIBIO orienterer. Her kan du sjå opptaket.
Informasjon om webinaret
NIBIO har, på oppdrag frå Statsforvaltaren i Vestland, utarbeidd ein rapport om handtering av almesjuke. Sjå nedst i denne saka for å finne lenkje til opptaket av webinaret.
Rapporten oppsummerer historiske erfaringar og aktuell biologisk kunnskap for å teikne eit bilete av dagens situasjon i Vestland. Vidare gir han konkrete faglege anbefalingar for vidare forvaltning, og foreslår risikoreduserande tiltak for å avgrense vidare skade på dei verdifulle almebestandane i regionen.
I dette webinaret vil Isabella Børja frå NIBIO orientere om rapporten. Mot slutten av webinaret opnar vi opp for spørsmål.
Du kan lese rapporten ved å følgje denne lenkja.
Alm er sterkt truga på den norske raudlista
I 2023 vart almesjuke påvist på eit tre i Sogn, og i 2024 gjennomførte NIBIO ei mindre kartlegging som viste at almesjuke har starta å breie seg ut langs Sognefjorden.
Almesjuke er tidlegare påvist i Oslo og langs Oslofjorden, og vart oppdaga første gong i Noreg i 1963. Sjukdommen kan føre til at tre av fire almar kan forsvinne frå område der den er påvist. Almesjuka er primærårsaka til at alm er raudlista som sterkt truga (EN) i Noreg. I Sverige er alma kategorisert som kritisk truga (CR). Dette er ein alvorleg sjukdom som truleg vil spreie seg ytterlegare med varmare klima. Tiltak kan likevel bli sett i verk for å avgrense skade.
Sjå etter symptom som gule og brune bladar eller døde tre
Sjukdommen skuldast ein sopp og spreier seg hovudsakleg ved hjelp av ein bille som heiter almesplintborar. Billa gnagar seg gjennom barken og overfører soppen til friske tre. Symptoma viser seg ofte som gule og brune blad som visnar, og til slutt døyr treet. Vi kan forvente ein nedgang i almebestanden dei kommande åra. I enkelte land er alma nær utrydda.
Her kan du sjå opptaket frå webinaret
Isabella Børja frå NIBIO informerer om almesjuka, og om rapporten NIBIO har utarbeidd som gir faglege anbefalingar for vidare forvaltning og risikoreduserande tiltak knytt til almesjuke.
Opptaket er tilgjengeleg i 14 dagar.
Velkomen!