Konsekvensutgreiinga for marint vern Sognefjorden er på plass

Konsekvensane av å opprette eit marint verneområde i Sognefjorden er greidd ut av Akvaplan-niva. Rapporten vurderer den samla konsekvensen for oppretting av eit marint verneområde i Sognefjorden som positiv samanlikna med nullalternativet.
Bakgrunn for arbeidet med marint vern
I desember 2022 meldte vi oppstart av prosess for marint vern av Sognefjorden etter oppdrag frå Miljødirektoratet. Dette byggjer på eit arbeid som starta i 2001, då eit rådgjevande utval vart oppnemnt for å peike ut eigna område for marint vern. Utvalet gav i 2004 ei tilråding om vern av 36 kandidatområde. Sognefjorden var eitt av 12 føreslegne område nasjonalt i kategorien fjordar, og er dermed vurdert til å vere eit dei viktigaste og mest representative marine områda å bevare i Noreg.
Det føreslegne verneføremålet for Sognefjorden er å bevare verdas djupaste fjord, med sitt særmerkte geologiske og biologiske mangfald. Variasjonen i det undersjøiske landskapet gir grunnlag for eit unikt djupvasssamfunn, som i nokre fjordarmar finst på uvanleg grunt djup. Dette gjer området spesielt verdifullt.
Om rammane for konsekvensutgreiinga
Utgreiingsprogrammet ligg til grunn for verneprosessen, denne var på høyring frå desember 2023 til mai 2024, og vi fekk mange innspel til utgreiingstema. KU'en greier ut konsekvensane eit marint vern i det 999 km² stor arealet kan medføre for dei ulike tema vi har fokusert på. Arealet er noko utvida samanlikna med forslaget frå Rådgivende utvalg. Utvidinga skuldast vår vurdering om at det også finst store naturverdiar ved terskelen, samt i to område som har eigenskapar som innsjø og sjø, Øystrebøvatnet og Lifjorden.
Utgreiinga har vurdert fire ulike vernegrenser og konsekvensane av disse alternativa.
- Alternativ 1 dekkjer området innanfor terskelen i Sognefjorden og inkluderer ikkje Øystrebøvatnet eller Lifjorden. Dette var forslaget frå Rådgivande utval i 2003.
- Alternativ 2 er området frå alternativ 1 + terskelområdet og ein del sjøareal vest for terskelen (+ ca. 10 km²). I tillegg er Øystrebøvatnet (ca. 2,2 km²) og Lifjorden (ca. 7,9 km²) inkludert.
- Alternativ 3 er som alternativ 2, men utan Øystrebøvatnet.
- Alternativ 4 er som alternativ 2, men utan Lifjorden.
Du finn lenkje til konsekvensutgreiinga i dokumentmenyen til høgre i artikkelen. Kart og omtale av dei ulike alternativa finn du på side 31-33.
Kvifor konsekvensutgreiing?
Konsekvensutgreiinga (KU) er ein viktig del av arbeidet med å greie ut mogleg marint vern. Målet er å kartleggje korleis eit vern kan påverke både miljø og samfunn. Sidan kandidatområdet er over 250 km², utløyste det krav om KU for å sikre eit godt og breitt kunnskapsgrunnlag.
Utgreiinga er laga i tråd med utgreiingsprogrammet for Sognefjorden, fastsett av Miljødirektoratet i november 2023. Den metodiske tilnærminga byggjer på Miljødirektoratet sin handbok M-1941 og metodeverk frå Statens vegvesen sin handbok V712 Konsekvensanalysar. Her finn du lenkje til utgreiingsprogrammet.

Vurderingar i utgreiinga
Rapporten delar området inn i 27 delområde, i hovudsak basert på dei 31 vassførekomstane i kandidatområdet. Nokre vassførekomstar i sidefjordane er slått saman, medan hovudførekomsten Sognefjorden er delt i indre og ytre del, med grensa sett ved nasjonal laksefjordgrense.
Utgreiinga dekkjer disse hovudtema:
- Naturmiljø
- Kulturminne og kulturmiljø
- Rekreasjon og friluftsliv
- Landskapsbilete og verdsarv
- Naturressursar (fiskeri, mineral, vasskraft)
- Akvakultur
- Energilinjer og kablar
- Marin trafikk og cruise
- Massar i sjø
- Andre samfunnsinteresser, som reiseliv, forsvarsinteresser, landbruk, industri og tettstadar, anleggstiltak og nye veganlegg, og forskning og undervisning.
Dei fleste utgreiingstema er verdsette ut frå gjeldande kunnskapsgrunnlag. Deretter er påverknad og konsekvensar av eit mogleg marint vern vurdert. Til slutt er det gjort ei samla vurdering av marint vern, samanlikna med eit nullalternativ.
Konklusjon: positiv samla konsekvens av marint vern
Akvaplan-niva har vurdert den samla konsekvensen av marint vern som positiv. Alternativ 2 får høgast rangering i flest tilfelle. Likevel tilrår dei å halde Øystrebøvatnet utanfor verneområdet (alternativ 3), fordi det ikkje er dokumentert store verneverdiar der, og fordi området blir rekna som meir poll enn fjord.
Rapporten tilrår òg at vernegrensene blir trekte i god avstand frå småbåthamner, tettstader og industriområde, av omsyn til lokalsamfunn og samfunnsinteresser.

Utgreiinga sine tilrådingar er oppsummert her i tabellform, direkte sitert (på bokmål) frå rapporten, sjå elles side 330-331.
Kva skjer vidare?
Med denne utgreiinga som grunnlag skal Statsforvaltaren utarbeide forslag til både vernegrenser og vernereglar. Dette skal samlast i eit høyringsdokument. Før dokumentet blir sendt ut, skal Miljødirektoratet gjere ei fagleg vurdering. Miljødirektoratet vil mellom anna involvere både juridisk og samfunnsøkonomisk kompetanse i si vurdering av høyringsforslaget.
Vi tek sikte på å sende forslaget ut på høyring i løpet av hausten 2025. Høyringsperioden blir truleg på 4–6 månader. Vi ønskjer brei involvering, og vil særleg invitere kommunar, næringsliv, organisasjonar og andre interesserte til å kome med innspel. Vi planlegg også å møte kommunestyra på ny for å ha direkte dialog med lokalpolitikarane.

Kontaktpersonar
-
Aslaug Aalen
Tlf: 55 57 20 13 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 -
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37