Vi samlar inn kunnskap om Sognefjorden i utgreiingsfasen av den marine verneprosessen

Eit viktig ledd i verneprosessen for Sognefjorden er å samle eksisterande og også produsere ny kunnskap. Vi vil her skildre kva som skjer framover i denne utgreiingsfasen av den marine verneprosessen for verdas djupaste og vår lengste fjord.
For å få eit tilstrekkeleg godt vurderingsgrunnlag i verneprosessen treng vi påfyll av kunnskap. Vi produserer kunnskap både ute i felt på fjorden og inne ved skrivebordet eller i møte. Vi samlar også inn eksisterande kunnskap. Vi er inne i utgreiingsfasen av verneprosessen.
Utgreiingsprogrammet er ramma for verneprosessen
Utgreiingsprogrammet er ein plan for verneprosessen, og det var vårt, Statsforvaltaren, sitt ansvar å utarbeide denne. Utgreiingsprogrammet låg ute, tilgjengeleg for innspel i lag med oppstartsmeldinga, og det kom mange innspel til både tema for utgreiing, involvering og framdrift.
Miljødirektoratet fastsette utgreiingsprogrammet desember 2023, og denne skapar ramma for vårt vidare arbeid i verneprosessen. Slik blir vernearbeidet føreseieleg for alle partar. Ved å følgje denne lenkja finn du vår oversending til direktoratet og ved å følgje denne lenkja finn du det endelege utgreiingsprogrammet. Sjå også lenkjesamlinga i høgrefana.
Arbeidet med konsekvensutgreiing (KU) er godt i gang
Sidan Sognefjorden er så stor og mange kan bli påverka av eit framtidig vern er det vesentleg å forstå alle konsekvensane eit vern kan føre med seg. Difor er det satt i gang eit arbeid med konsekvensutgreiing (KU). Sidan arbeidet er såpass omfattande var oppdraget vore ute som eit offentleg anbod på Doffin. Vi fekk tre tilbod om KU-arbeidet og Akvaplan Niva vann oppdraget. Arbeidet starta i desember 2023 og skal, noko forsinka, bli levert den 15. mars 2025.

Kartlegging og modellering av fjordbotnen
Vi fekk midlar på slutten av 2022 til å kartleggje enkelte grunne område i Sognefjorden. Rapporten frå Rådgivende biologer kan du lese ved å følgje denne lenkja. Kartlegginga gav oss ny kunnskap om naturtypar på grunne område langs fjorden som sjøfjærbotn og ålegraseng.
Hausten 2023 var Havforskningsinstituttet (HI) ute med båt og undervassdrone. Forskarane kartla Sognefjorden for viktig biologisk mangfald med både raudlista artar og sårbare naturtypar. HI utarbeidde også ein modell, basert på kartleggingsdata, for å kunne forutseie kor det kan vere viktig naturmangfald. Sidan det ikkje er mogeleg å kartleggje kvar meter av fjorden vil det vere nyttig å ha ein modell på kor artar sannsynlegvis har sine leveområde. Havforskningsinstituttet gjennomførte også kartlegging av ankringsområde i fjorden. Du kan lese den endelege kartleggingsrapporten til høgre i denne nettsaka eller lese samandraget og meir omtale av kartleggingsrapporten på denne sida.

Kva skjer i verneprosessen framover?
Vi vil setje i gang med møte i referansegruppene utover haust 2024 og vår 2025. Vi har tre ulike referansegrupper med representantar frå t.d. kommunar, næringsaktørar, organisasjonar, akademia, med fleire. For å lese meir om referansegruppene og korleis vi vil jobbe med involvering, sjå utgreiingsprogrammet.
Arbeidet med KU går mot slutten, og etter at dokumentet er ferdig vil vi hos Statsforvaltaren trenge eit par månader for å kunne lage eit framlegg til vernekart og vernereglar. Vi håpar å leggje fram eit verneframlegg til offentleg høyring i løpet av våren/sommaren 2025. Då vil det bli god tid for alle å kunne seie si meining og vi er på tilbodssida for å besøke kommunar som ønskjer det.
Kontaktpersonar
-
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37 / 93 66 42 56 -
Julie Marie Andersen
Tlf: 55 57 23 55 -
Stein Byrkjeland
Tlf: 55 57 21 14 / 90 09 36 15 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47 -
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 / 97 50 40 50