Kan eg søkje om SMIL-midlar til fjerning av piggtråd?

Publisert 1. august kl. 12:49
|
Oppdatert 18. august kl. 12:49

Mange spør landbrukskontoret om dei kan få SMIL-midlar til å fjerne gamal piggtråd. Svaret er at det kan vurderast i nokre tilfelle, til dømes som eit fellestiltak i kommunen.

Bilde av en liten del av et piggtrådgjerde
Den som er ansvarlig for gjerdet har også ansvar for vedlikehald og dermed fjerning av gamal piggtråd. Foto: Øyvind Vatshelle / SFVL.

Natur- og kulturminneverdiar

Føremålet med SMIL-ordninga (spesielle miljøtiltak i jordbruket) er å motivere til eit ekstra arbeid som tar vare på natur- og kulturminneverdiar og reduserer forureining. Tiltaka må vere utover det som er forventa i vanleg jordbruksdrift.

Dyrevelferdslova er klar på at ansvaret for vedlikehald og fjerning av gjerde ligg til den som er ansvarleg for gjerdet. Det skal difor ikkje løyvast SMIL-tilskot til fjerning av piggtråd på eigedom der det vert drive vanleg jordbruksdrift og der ansvaret for gjerdehald ligg til grunneigaren. 

Når kan SMIL-tilskot vurderast?

Det er kommunen som behandlar og prioriterer mellom SMIL-søknadane. I nokre tilfelle kan dei prioritere søknadar om fjerning av piggtråd av omsyn til miljøinteresser og ferdsel for ålmenta. 

Døme på tilfelle der det kan vurderast er:

  • I område der det er uavklarte eigar- og/eller ansvarsforhold og det er viktig å legge til rette for ferdsel og beiting i jordbrukslandskapet. 
  • I fellesprosjekt for større område. Eit døme er Voss herad som i samarbeid med Mattilsynet, Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget og renovasjonsselskapet IHM gav godtgjersle for innlevering av piggtråd. Ordninga vart mellom anna finansiert av SMIL-midlar og midlar frå Vestland fylkeskommune.

Reglar for bruk av piggtråd

Frå 2010 har det vore forbod mot bruk av piggtråd i nye gjerde og når material i gamle gjerde vert bytt ut. Forbodet er heimla i dyrevelferdslova § 15.

Det er grunneigar eller dei som er ansvarlege for gjerdet sitt ansvar å halde gamle gjerde ved like. Der gjerdet kan føre til skade på dyr og menneske er det grunneigar sitt ansvar at gjerdet vert fjerna på forsvarleg måte.

Mattilsynet har ansvar for å følgje opp dyrevelferdslova.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Maria Makloufi Skjold
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland