Kva står i forskrifta?
Føretak som gjødslar mindre enn 25 dekar og held seg innafor gjeldande fosforgrenser har ikkje krav om gjødslingsplan. Dei treng då ikkje søkje om dispensasjon.
For føretak som gjødslar svakt og har liten variasjon i bruken av areala kan det vere tilstrekkeleg med ein gjødslingsplan som vert fornya i samband med jordprøvetaking kvart 5-8. år. Dette føreset at føretaket sjølv justerer planen kvart år. Det er du sjølv som vurderer om dette er aktuelt.
Alle må ha gjødseljournal
Alle som brukar gjødsel skal ha ein gjødseljournal. Dette gjeld også for dei som har dispensasjon for gjødslingsplan. Gjødseljournalen skal vise type gjødsel, mengde, areal, tidspunkt og mengde av fosfor og nitrogen. I denne samanheng er også husdyrgjødsel, pressaft, kompost, og ulike kalkingsmiddel medrekna som gjødsel.
Dispensasjon
Det er mogeleg å søkje om dispensasjon frå kravet om gjødslingsplan, men det blir berre gitt ved særlege høve. Ekstensiv drift er åleine ikkje grunnlag for dispensasjon. Søknaden skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland med kopi til kommunen. Sjå søknadskjemaet under.