Markens grøde er filma i utvald kulturlandskap

Publisert i dag kl. 08:00

Knut Hamsuns Markens grøde er Noregs Oscar-håp og opningsfilm på Bergen internasjonale filmfestival. Store delar av filmen er spelt inn på den freda høgdegarden Ormeli i Luster.

Bilde av den freda høgdegarden Ormeli i Luster
Slåttemarkene kring tunet har eit rikt biologisk mangfald og bygningane er óg særmerkte med høge steinmurar og stor låve. Foto: Torunn Løne Vinje / Stiftinga Ormeli.

Vitnemål om norsk landbrukshistorie

Ormeli er ein del av satsinga Utvalde kulturlandskap i landbruket. Tunet og bygningane har vore under restaurering i mange år, men er no opna for besøkande. Stiftinga Ormeli har stått i spissen for restaureringa av dei historiske bygningane. Det artsrike kulturlandskapet er halde i hevd gjennom slått, hesjing og høyberging.

Ormeli er den øvste av to høgdegardar inst i Fortundalen. Her har menneske og husdyr livnært seg heilt sidan slutten av steinalderen. Spor etter jordbruk og beitedrift viser at området har vore i bruk gjennom fleire tusen år, også gjennom svartedauden.

Fleire særeigne landskap i Vestland

Dei 51 utvalde kulturlandskapa i Noreg er særeigne jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar skapt av menneske i samspel med naturen gjennom generasjonar. I Vestland har vi sju slike område; Ormeli i Luster, Grinde og Engjasete i Sogndal, Stadlandet i Stad, Lærdal UKL, Havrå i Osterøy, Gjuvslandslia i Kvinnherad og Sørfjorden i Ullensvang.

 Les meir om historia og restaureringa av Ormeli.

Bilde av boka om Ormeli
Boka «Ormeli – ein høgdegard i Luster. Fortid, notid, framtid» vart lansert i juni i samband med den offisielle opninga av garden. Foto: Torunn Løne Vinje / Stiftinga Ormeli.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Frøydis Lindén
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Vestland