Matproduksjon, verdiskaping og kulturarv
Aktiv stølsdrift bidreg til å halde ved lag både landskap, tradisjonar og kunnskap som har vore ein del av norsk landbruk gjennom generasjonar. Samlinga fann stad på stølen Veskre på Bordalen, der vertskap Aud Toril Jensen ønskte velkomen og delte erfaringar frå eigen drift. Gjennom dagen vart det vist korleis tradisjonell stølsdrift kan kombinerast med moderne hjelpemiddel for mjølking og foredling av mjølk i eit straumlaust stølslag.
Dei 21 deltakarane fekk høve til å utveksle erfaringar og diskutere utfordringar og moglegheiter knytte til framtidig drift. Dette er særleg viktig i ei tid der talet på aktive stølar har gått kraftig ned, samtidig som interessa for lokal mat, kulturarv og berekraftig ressursbruk aukar. Norsk Landbruksrådgiving orienterte om potensialet for betre utnytting av utmarksbeita i Voss, medan Tine presenterte krav til produksjon og levering for gardsbruk som ønskjer å levere mjølk frå stølen. Forvaltninga informerte om støtteordningar.
Lokalmat frå stølen
Bonde og budeie Aud fortalde om stølshistoria på Veskre, korleis stølsdrifta har forma kulturlandskapet, og kva rolle utmarksressursane spelar for matproduksjon, naturmangfald, beredskap og klimatilpassing. På Veskre har dei drive foredling av mjølka i fleire generasjonar.
Mjølka som ikkje vert separert vert lagra på mjølketanken og henta av Tine. Vossasmøret er viden kjent og Aud har utvida godkjenning frå Mattilsynet, som gjer at ho sel smør, rømme og andre mjølkeprodukt både direkte frå stølen og direkte til restaurantar og på Bondens marknad i Bergen.
Seterkultur på UNESCO-liste
Etter at norsk og svensk seterkultur vart innskriven på UNESCO si liste over immateriell kulturarv, har stølskulturen vår fått auka merksemd og ressursar. UNESCO-statusen løftar fram den levande kunnskapen, tradisjonane og arbeidsformene som er knytte til seterlivet, og understrekar kor viktig det er å halde seterkulturen i aktiv drift. I Noreg var det i fjor 787 stølar i drift. I Vestland var det 86 stølar i drift i 2025, og 16 av dei var i Voss herad.
Arrangementet vart skipa til av Voss herad i samarbeid med ÅLA landbrukskontor, Nærøyfjorden Verdsarvpark, Statsforvaltaren i Vestland og dei lokale faglaga i landbruket. Det er også støtta av regionale klima- og miljømidlar som er forvalta av Statsforvaltaren i Vestland.
Les meir om stølsdrift og stølskultur på nettsida til Voss herad.
I Vestland kan du søkje om RMP-tilskot til drift av seter. Søknadsfrist er 15. oktober.