Velkomen til den nye nettstaden vår!

Publisert i dag kl. 07:54

Statsforvaltaren.no har fått nytt design og ny struktur. Vi håpar den nye nettstaden gjer det enklare å finne fram til relevant informasjon og dei tenestene du treng.

Person som sit ved ein PC med mobilen i handa.
Foto: Vilde Øines Pedersen / Statsforvalteren i Troms og Finnmark.

Kven er du, og kva treng du hjelp til?

Statsforvaltaren.no er den viktigaste kanalen vår ut til målgruppene våre. Ei grunnleggjande endring på nettstaden er at brukaren møter tydelege rolleinngangar etter kven du er og kva du treng hjelp til. Vi har også løfta fram skjema og tenester slik at det er enklare å finne fram til dei digitale løysingane våre.

Ti statsforvaltarar

Noreg har ti statsforvaltarar. Det er enkelt å hoppe mellom nettsidene til statsforvaltarane. Du vil raskt sjå at mykje innhald er likt fordi vi har same oppdrag i heile landet. Nettstaden vår er utvikla og blir drifta av STAF (Statsforvaltarens fellestenester), som er ein tenesteleverandør og ein utviklingsaktør for statsforvaltarane.

På den nye nettstaden er mykje informasjon rydda, samla eller korta ned. Målet er å gi deg tydelege val og raskare veg til rett innhald, teneste eller kontaktpunkt. Ei eiga innloggingsløysing der du kan sjå alle sakene dine hos Statsforvaltaren, ligg framleis noko fram i tid.

Fann du ikkje det du leitte etter?

Nettstaden vår er ikkje ferdig sjølv om han no er lansert. Vi set pris på tilbakemeldingar gjennom funksjonen «Fann du det du leitte etter?». Vi har ikkje kapasitet til å svare kvar enkelt, men vi les og vurderer alle tilbakemeldingane. Unngå å skrive personsensitive opplysningar i skjemaet.

Vil du abonnere på nyheiter frå oss?

Mange får nyheitsvarsel frå Statsforvaltaren. Det er ikkje mogleg å overføre gamle abonnentar til den nye nettstaden. Dersom du framleis ønskjer nyheitsvarsel om tema du interesserer deg for, må du registrere deg på nytt. Du kan sjølv velje kor ofte vi skal sende deg nyheitsvarsel.

 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Solveig Mork Holmøyvik
seniorrådgjevar kommunikasjon, Statsforvaltaren i Vestland