Oversending av kondolanseprotokollar

Publisert i dag kl. 14:46

Vi tek i mot kondolanseprotokollar frå kommunar og andre i Vestland som ynskjer at kondolanseprokollane skal bli sende til Slottet. Frist for levering er 24. september. 

Frist for levering

Kondolanseprotokollar må vere komne til oss seinast torsdag 24. september. Vi tek ikkje i mot kondolanseprotokollar som kjem inn etter fristen.

Slik leverer du protokollane

Du kan levere kondolanseprotokollar direkte til kontorlokale våre i: 

  • Leikanger (Njøsavegen 2, 6863 Leikanger)
  • Bergen (Solheimsgaten 13, 5058 Bergen)
  • Førde (Fjellvegen 11, 6800 Førde)

Du kan også sende kondolanseprotokollane med vanleg postgang. Adressa vår er:  

Statsforvaltaren i Vestland
Postboks 7310
5020 Bergen