Statsforvaltaren i Vestland har gitt Alver kommune løyve etter forureiningslova til å fjerne eit historisk dekkdeponi på om lag 1 200 m³ ved Hjelmås kai. Løyvet omfattar fjerning av om lag 1200 m³ bildekk og påfølgjande tildekking av forureina sjøbotn ved Hjelmås i Alver kommune. Deponiet stammar frå produksjon av skytemattar på 1970- og 80-talet, og har ført til at sjøbotnen i dag er sterkt forureina. Formålet med tiltaket er å fjerne ein lokal forureiningskjelde og hindre vidare spreiing av miljøgifter og gummipartiklar.
Sjølve opptaket skal gjerast med lekter og grabb, og det er stilt krav til avbøtande tiltak som siltgardin, sug og turbiditetsmåling for å hindre at forureining spreier seg under arbeidet. Etter at dekka er heva og leverte til godkjent mottak, vil dei mest forureina områda bli tildekte med reine massar. Arbeidet er planlagt gjennomført mellom september 2026 og mars 2027.
Informasjon
Løyve med vilkår og søknad om løyve ligg under dokument på denne sida.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan fire veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2023/15268.