Tilskot
Landbruksføretak

RMP – Tilskot til beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark

Publisert i går kl. 13:55
|
Oppdatert i går kl. 15:57

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram.


Søknadsfrist
15. oktober
Kven kan søke
Landbruksføretak
Ansvarleg etat
Statsforvaltaren i Vestland

Formål med tilskotet

Det kan gjevast tilskot for styrt skjøtselsbeiting av verdifulle jordbruksareal, her avgrensa til ugjødsla innmarksbeite som har vore ekstensivt drive eller som har vore ute av drift. 

Tiltaket gjeld ammegeit, kje, bukkar og kastrererte bukkar som beiter minst 5 veker på inngjerda/avgrensa innmarksbeite som ikkje vert slått, beitepussa eller gjødsla. Tiltaket skal medverke til å hindre at innmarksbeite gror til og blir til skog. Innmarksbeitet skal difor bere preg av attgroing ved beitestart, og beitet skal ha innslag av busker og/eller renningar av tre ved beitestart kvar sesong utover det som står i gjerdelinja.

Vilkår

Skjøtselsbeitinga skal gjennomførast med høveleg beitetrykk utan støttefôring, og beitinga skal vere styrt. Det vil sei at dyra skal gjere ein reell ryddejobb i beitet, og dyra skal vere avgrensa av gjerde (nettinggjerde, mobilt eller permanent elektrisk gjerde, eller virtuelt gjerde som til dømes Nofence) og/eller terrenget.

Beitinga skal kombinerast med manuell skjøtsel slik at ringborka og døyande tre vert felte, og at felt virke blir fjerna eller lagra diskret i terrenget.

Dyra skal ikkje beite saman med dyr frå andre buskapar under skjøtselsbeitinga.

Dokumentasjon:
Bilde av beitet ved beitestart skal leggjast ved søknaden.

Tilskotsavgrensing

  • Tiltaket gjeld ammegeit, kje, bukkar og kastrererte bukkar.
  • Det kan berre gjevast tilskot for beiting av same areal i maksimalt 5 år.
  • Tiltaket er avgrensa til ugjødsla innmarksbeite då desse jordbruksareala har størst potensiale for biologisk mangfald og er mest attgroingstruga med fare for tap av matproduserande areal, ope landskap og biologiske verdiar.
  • Innmarksbeitet skal ha vore ute av drift eller ekstensivt drive slik at skjøtselsbeitinga kan bidra til å berge dei over nemnde verdiane.

Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar

Kr 350 per dyr

Meir informasjon om regionalt miljøprogram

Her kan du lese om korleis du søker og sjå oversikt over dei andre tilskota: Regionalt miljøprogram Vestland.