Formål med tilskotet
Det kan gjevast tilskot for beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark, her avgrensa til utmarksbeite som ligg 600 meter over havet eller høgare.
Sauen er den viktigaste landskapspleiaren i utmarka grunna fôrval, beitemønster, utbreiing, omfang og med liten fare for trakk-skadar. Utmarksbeite er den tradisjonelle driftsforma for sau sommarstid i Vestland, men tal sau i utmark går diverre nedover. Sauen si beiting i utmarka er viktig for å oppretthalde ope landskap og opne stiar, og beitinga er positiv for det biologiske mangfaldet.
Beiting i utmark er og klimavenleg ved at den produserer mat på areal som elles ikkje kunne vore nytta til matproduksjon, i tillegg til at beiting over tregrensa vil auke albedo-effekten (reflektering av sollyset) og såleis bidra til mindre oppvarming. Dei høgareliggande beita er dei mest verdifulle utmarksbeita med omsyn til beitekvalitet, dyrevelferd og klimavenleg beiting (jf albedo-effekten).
Vilkår
- Tiltaket gjeld sau over eitt år som beiter minst 5 veker på utmarksbeite, der hovudbeiteområdet for sauen ligg minst 600 meter over havet.
- Føretaket vere medlem i eit beitelag.
- Dersom kun deler av buskapen har hovudbeiteområdet sitt over 600 moh, kan ein søke tilskot for den delen av buskapen som oppfyller høgdekravet.
- Namnet for beiteområdet for føretaket bør skrivast i merknadsfeltet i søknaden.
Tilskotsavgrensing
Det kan gjevast tilskot for inntil 100 sauer per føretak.
Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar
Småfe - kr 90 per dyr (sau over eitt år).
(Tilskot for sau på utmarksbeite som ligg 600 moh eller høgare, der føretaket er medlem i eit beitelag)
Meir informasjon om regionalt miljøprogram
Her kan du lese om korleis du søker og sjå oversikt over dei andre tilskota: Regionalt miljøprogram Vestland.