Fri rettshjelp

Oppdatert 28.06.2024

Fri rettshjelp er støtte til nødvendig juridisk bistand til personar som ikkje har økonomi til å dekkje slike utgifter sjølv. Ordninga gjeld berre saker av spesielt stor personleg og velferdsmessig betydning. I nokre typar saker er det eit vilkår at den som søkjer om fri rettshjelp fyller bestemte inntekts- og formuesgrenser.

Kan du få dekt behovet for rettshjelp på ein annan  måte?
Inntekts- og formuesgrenser
Eigendel
Døme på saker som kan gi rett til fri rettshjelp
Slik går du fram for å søkje om fri rettshjelp

Kan du få dekt behovet for rettshjelp på ein annan måte?

Viss du kan få dekt behovet ditt for juridisk bistand på andre måtar eller gjennom andre ordningar, vil du som hovudregel ikkje få fri rettshjelp. Dette gjeld til dømes viss du har ei forsikring som dekkjer utgifter til juridisk bistand, eller viss du er medlem i ein organisasjon som dekkjer slike utgifter. Det same gjeld dersom det offentlege kan gi deg opplysningar og rettleiing om saka som du søkjer fri rettshjelp til. I slike tilfelle må du nytte deg av desse alternative ordningane.

Inntekts- og formuesgrenser

For å få fri rettshjelp må du i nokre sakstypar ha bruttoinntekt og nettoformue under bestemte grenser, som er:

  • Einslege: Maks årsinntekt 350 000 kroner og maks nettoformue 150 000 kroner
  • Ektefellar og andre som lever saman: Maks samla årsinntekt kr 540 000 og maks nettoformue 150 000 kroner
  • Det er brutto inntekt på årsbasis som blir lagd til grunn. Inntekt som det ikkje blir betalt skatt av skal ikkje inngå i berekningsgrunnlaget. Du må gi opplysningar om økonomien din når du søkjer om fri rettshjelp. Du dokumenterer opplysningane med kopi av skattemelding, lønnsslipp eller utbetalingsdokumentasjon frå Nav.

Når vi vurderer større formuesverdiar, til dømes bustad, fritidsbustad, bil og fritidsbåt, er det likningsverdien ved siste skattemelding som blir lagt til grunn. Formue som består av eigen bustad eller driftsmidlar ser vi likevel normalt bort frå når vi vurderer om du har formue som går over formuesgrensa.

Sjølv om inntekta og formuen din er over dei fastsette grensene, kan du unntaksvis få fri rettshjelp dersom utgiftene til juridisk bistand blir store i forhold til den økonomiske situasjonen din.

Du kan bruke rettshjelpskalkulatoren vår for å finne ut om du oppfyller vilkåra for fri rettshjelp.

Eigendel

Dersom du får fri rettshjelp, skal du betale ein eigendel av utgiftene viss du har ei årleg bruttoinntekt på 100 000 kroner eller meir. Eigendelen kan ikkje falle bort eller bli redusert.

  • Dersom du får fri rettshjelp i ei sak der det ikkje gjeld inntekts- og formuesgrenser, skal du likevel ikkje betale eigendel.
  • Viss du får fritt rettsråd, er eigendelen éin gong salærsatsen, som er 1215 kroner frå 1. januar 2024.
  • Får du fri sakførsel, er eigendelen 25 prosent av utgiftene, oppover avgrensa til 8 gonger salærsatsen, det vil seie 9720 kroner.

Eigendelen blir kravd inn av advokaten din eller rettshjelparen, og eigendelen skal i utgangspunktet betalast på forskot.

Døme på saker som kan gi rett til fri rettshjelp

Du kan få fri rettshjelp anten som fritt rettsråd (juridisk bistand utanom domstolsbehandling) eller som fri sakførsel (juridisk bistand i saker for domstolane, frå og med stemning). Dersom du får fri rettshjelp, kan du i nokre tilfelle òg få dekt eigne utgifter, som til dømes utgifter til tolk eller ei medisinsk utgreiing.

Sivilrettsforvaltninga har meir informasjon om kva sakstypar som kan gje rett til fri rettshjelp:

I kva saker kan du få fri rettshjelp i form av fritt rettsråd (sivilrett.no)

I kva saker kan du få fri rettshjelp i form av fri sakførsel (sivilrett.no)

Slik går du fram for å søkje om fri rettshjelp

Du kan søkje Statsforvaltaren om fritt rettsråd. Det er statsforvaltaren i fylket der du bur eller oppheld deg over noko tid som behandlar søknaden. I mange prioriterte sakstypar kan advokaten eller rettshjelparen innvilge fritt rettsråd dersom inntekts- og formuesgrensa er oppfylt. Då treng du ikkje sjølv sende søknad til Statsforvaltaren.

Søknad om fri rettshjelp til ei sak i utlandet skal alltid sendast til Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus. Dersom du bur i utlandet og har ei sak i Noreg, skal du sende søknaden til Statsforvaltaren i det fylket som anten du eller saka har nærast tilknyting til. Dersom verken du eller saka har tilknyting til eit bestemt fylke, sender du søknaden til Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.

Nettstaden rettsrad.no har meir informasjon retta mot advokatar og andre rettshjelparar.

Aktuelle skjema:

digitalt skjema for privatpersonar som skal søkje om fri rettshjelp

eigenerklæringsskjemaet til Sivilrettsforvaltninga (sivilrett.no)

Vis meir


Publisert 04.01.2024

Ny salærsats for advokater i rettshjelpsaker

Den offentlige salærsatsen fra 1. januar 2024 tilsvarer 1 215 kroner for advokater og 972 kroner for tolker. Den nye salærsatsen gjelder for arbeid som er avsluttet etter 1. januar 2024.


Publisert 06.01.2023

Nye inntekts- og formuesgrenser for fri rettshjelp samt ny salærsats for advokater

Fra 01.01.2023 har inntekts- og formuesgrensene økt. De nye grensene er nå bruttoinntekt på kr 350 000,- for enslige og kr 540 000,- for ektefeller og andre som lever sammen med felles økonomi. Formuesgrensen for fri rettshjelp er kr 150 000,- netto.


Publisert 01.07.2022

Nyheter om rettshjelp

Obligatorisk elektronisk innsendelse av salæroppgaver og søknader mv.


Publisert 10.01.2022

Ny salærsats for advokater mv. i straffesaker og i rettshjelpssaker og nye stykkprissatser for medisinsk sakkyndige

Den offentlige salærsatsen i saker om fri rettshjelp avsluttet i 2022 er kr 1 121 ekskl. mva. for advokater, og kr. 896 ekskl. mva. for tolker som er næringsdrivende


Publisert 06.01.2021

Ny salærsats for advokater mv. i straffesaker og i rettshjelpssaker og nye stykkprissatser for medisinsk sakkyndige

Den offentlige salærsatsen i saker om fri rettshjelp avsluttet i 2021 er kr 1085 ekskl. mva for advokater, og kr. 868 ekskl. mva for tolker som er næringsdrivende


Publisert 15.05.2020

Forslag til ny rettshjelpslov med tittelen «Likhet for loven»

Rettshjelpsutvalget har i NOU 2020: 5 Likhet for loven: Lov om støtte til rettshjelp, den 30.04.2020 fremlagt forslag til ny lov.

Forsalget er i sin helhet rettet mot personer som ikke selv har økonomi til å kjøpe advokattjenester.


Publisert 09.01.2020

Endra salærsats frå 01.01.2020

Den offentlege salærsatsen i saker om fri rettshjelp avslutta i 2020 er kr 1 060,- ekskl. mva for advokatar, og kr. 848,- ekskl. mva for tolkar som er næringsdrivande, for mer informasjon: regjeringen.no


Publisert 05.12.2019

Nytt rundskriv om fri rettshjelp i EØS/NAV-saka

Sjå lenke til artikkel på regjeringen.no, og lenke til nytt rundskriv om fri rettshjelp. Fri rettshjelp utan behovsprøving  bli ikkje gitt før etter at NAV har fatta nytt vedtak. Dette fordi NAV tek opp desse sakene og fattar nytt vedtak på eige initiativ:


Publisert 10.01.2019

Endra salærsats frå 01.01.2019

Den offentlege salærsatsen i saker om fri rettshjelp avslutta i 2019 er kr 1 040,- ekskl. mva for advokatar og kr. 832,- ekskl. mva for tolkar som er næringsdrivande.

 


Publisert 03.07.2017

Endringar i rettshjelpslova

Det er vedteke endringar i lov 13.juni 1980 nr.35 om fri rettshjelp frå 1.juli 2017.